LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i å kvantifisere UV-B-absorberande biomarkørar for paleoøkologi / paleoklimatologi

Søknadsfrist: 25.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i å kvantifisere UV-B-absorberande biomarkørar for paleoøkologi/paleoklimatologi

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i paleoøkologi/paleoklimatologi.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3,5 år og knytt til det NFR-finansierte prosjektet QUEST-UV.

Om prosjektet

Prosjektet vil ta sikte på å bruke dei biokjemiske variasjonane i pollenkorn til kvantitativt å rekonstruere tidlegare variasjonar i UV-B-stråling frå sediment-sekvensar. Prosjektnettstaden finn du her.

Arbeidsoppgåver

  • Den rette kandidaten vil vere ein del av eit breitt og tverrfagleg vitskapeleg team som spenner over ekspertise innan paleoøkologi og paleoklimatologi, fotobiologi og organisk kjemi. Sjølv om dei spesifikke arbeidsoppgåvene kan endrast avhengig av ferdigheitene til den som vert tilsett, vil det vere ein stor laboratorium- og feltkomponent i denne stillinga.
  • Postdoktoren vil samarbeide med samarbeidspartnarar ved Institutt for kjemi på UiB om å utvikle nye kjemiske ekstraksjonsmetodar for sporopollenin på moderne prøver av Pinus sylvestris pollenkorn. Dei vil bruke en rekke ekstraksjonsprosedyrar og utføre analyse basert på ein rekkje metodar (f.eks. FTIR, Raman; py-GC-MS, HPLC, LC-MS, qNMR)
  • Kandidaten vil hjelpe til med koordinering av drivhus-/ feltforsøk for å undersøke effekten av UV-B-stråling på Pinus sylvestris-pollen, og vil kvantifisere endringane i UV-B-absorberande forbindelsar i pollenkorna ved hjelp av vibrasjonsspektroskopi/ pyrolyse Gasskromatografi Massespektrometri.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor organisk geokjemi, paleoklimatologi/ paleoøkologi, fotobiologi eller anna relevant felt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Gitt prosjektets tverrfaglege karakter, er kompetanse på minst eitt av dei tre følgande kriteria eit krav. Erfaring frå meir enn eitt av desse tre kriteria er ein føremon:
    • Erfaring med ekstraksjon og analyse av plantebiomarkørar ved bruk av analytiske metodar (f.eks. FTIR-spektroskopi; py-GC-MS, HPLC, LC-MS, qNMR) for å vurdere kjemiske variasjonar langs tidsmessige, romlege eller miljømessige gradientar.
  • Erfaring frå eksperimentell fotobiologisk forsking for å vurdere kjemiske variasjonar i respons i planter (f.eks. bruk av kammer-, drivhus- eller feltforsøk for å vurdere plante-flavonoidresponsar).
  • Erfaring med å utvikle og validere nye kvantitative metodar for å kalibrere paleoøkologiske proxyer for å rekonstruere tidlegare klima og/eller økosystem
  • Gode programmeringskunnskapar (f.eks. i R eller Python) er eit krav.
  • Søkjarar må kunne fungere godt i eit team og bidra til generell gruppedynamikk.
  • Det er eit krav at søkjarar skal kunne handtere laboratorie- og eksperimentell forsking effektivt.
  • Søkjarar må kunne dokumentere at dei har skrive og publisert forskingsartiklar av høg kvalitet.
  • Erfaring frå analyse av kjemiske variasjonar i fossilt sporopollenin er ein føremon.
  • Kunnskap om planteflavonoidresponsar på UV -stråling i ein økologisk kontekst er ein føremon.
  • Erfaring med kvantitativ analyse av multivariate spektra (f.eks. Bruk av multivariate kjemometriske metodar som Partial Least Squares Regression) ein føremon.
  • Erfaring med å bruke hierarkisk modellering for å generere kvantitative rekonstruksjonar av tidlegare økosystemendringar er ein føremon.
  • Interesse for å utvikle Open Science -rammer er ein føremon.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 4 år. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. (Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet.) Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil seks månader dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Alistair Seddon, alistair.seddon@uib.no, +47 55 58 22 30

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

(Ved utlysing og tilsetting i stillingsgrupper der kvinneandelen er under 40 % skal Universitetet i Bergen anvende moderat kjønnskvotering. Dette inneber at det ved utlysning av slike stillingar skal tas inn i utlysningsteksten ei særleg oppmoding til kvinner om å søkje. Følgjande tekst skal då tas inn i utlysninga: «Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.»).

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS