Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (3 år) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 20.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år.

Stillinga er knytt til prosjektet ”ActiveAgeing”, finansiert av GC Rieber Fondene. Hovudfokus for prosjektet er å undersøke faktorar som har betydning for å oppretthalde optimalt aktivitetsnivå inn i alderdomen både for friske eldre personar og personar med nevrologiske sjukdommar (t.d. Parkinsons sjukdom), samt å undersøke korleis eigenskapar ved bustaden verkar inn på aktivitetsnivå og helse. Forskingsmetodar vil inkludere implementering og testing av ny teknologi for å kunne overvake og analysere fysiske variablar (for eksempel vitale teikn, aktivitetsnivå og søvn). Studiepopulasjonen vil inkludere friske eldre personar rekruttert frå Helgetun seniorbustadar, og personar med nevrologisk sjukdom rekruttert frå pågåande prosjekt ved Neuro-SysMed (t.d. personar med Parkinsons sjukdom frå den pågåande kohortstudien STRAT-PARK).

Prosjektet ActiveAgeing kombinerer kvantitative og kvalitative metodar for å arbeide mot det langsiktige målet som er å endre korleis folk lever; dette ved å auke merksemd på korleis eit støttande bumiljø med individuelt tilpassa teknologiske hjelpemiddel kan bidra til å oppretthalde helse og aktivitet inn i alderdommen. Meir informasjon om ActiveAgeing finst her: www.uib.no/sefas/activeageing

Det vil til saman verte lyst ut tre stillingar knytt til ActiveAgeing-prosjektet; to stipendiatar finansiert av UiB og ein postdoktor finansiert av GC Rieber Fondene. Alle vert tilsett ved SEFAS og deltek i eit aktivt forskingsnettverk med erfaring og ekspertise på komplekse helseintervensjonar hos heimebuande eldre og personar med demens. Det er forventa at prosjektet fører til resultat av høg klinisk verdi som kvalifiserer for å publiserast i internasjonalt anerkjende og fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karriereutvikling med langsiktig perspektiv.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Som primæroppgåver skal kandidaten drive fram ActiveAgeing-intervensjonen og rettleie ph.d.-kandidatar. Kandidaten vil i tett samarbeid med prosjektteamet, Neuro-SysMed og Helgetun også bidra med rekruttering og oppfølging av inkluderte personar, undervisning til helsepersonell, studiedeltakarar og deira familiar, samt datainnsamling, analyse av data og publisering og annan formidling av studieresultat.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande innanfor medisin, farmasi, datateknologi, informatikk eller andre relaterte fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 24.01.2021.
  • Erfaring med kvantitative forskingsmetodar er eit krav, og tilleggserfaring med kvalitative metodar er eit sterkt fortrinn.
  • Tidlegare erfaring med helsetenester eller forsking retta mot eldre personar er ein føremon, men er ikkje eit krav.
  • Kandidaten må mestre skriftleg og munnleg engelsk språk på eit høgt nivå.
  • Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt i vurderinga av søkjarar inkluderer evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, å kunne samarbeide godt med andre, å vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg har stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.4) for tida kr 552 800, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 563 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 583 900, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS