Postdoktor ved K.G. Jebsen-senteret for Parkinsons sjukdom
Søknadsfrist: 04.07.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktorstilling
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 1, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er ein del av K.G. Jebsen-senteret for Parkinsons sjukdom og er eksternt finansiert. Denne stillinga vil være ein del av DECODE-PD forskningsgruppa (leia av Prof. Charalampos Tzoulis) i samarbeid med Cell Fate Lab (leia av Prof. Simona Chera).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Postdoktoren vil vere ein del av eit dynamisk forskingsmiljø som fokuserer på dei tidlege mekanismane for nevrodegenerasjon ved Parkinsons sjukdom.
Hovudoppgåvene inneber arbeid med musemodellar av Parkinsons sjukdom.
Nøkkelteknikkar inkluderer motoriske/åtferdstestar av mus, in vivo administrasjon av stoff, postmortem vevshøsting og prosessering med fokus på nervesystemet, celletracing, immunhistokjemi, administrasjon av musekoloniar, genotyping, konfokal og storskala mikroskopi, molekylærbiologiske teknikkar (RNA-forberedelse, enkeltcelle RNAseq bibliotekforberedelse), storskala dataanalyse.
Kandidaten vil bidra til design og gjennomføring av eksperiment, dataanalyse og formidling av resultat i fagfellevurderte tidsskrift og konferansar.
Samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar er forventa.
Korte opphald i utlandet for forbedring av tekniske ferdigheiter er forventa (kort punktvis beskriving)
Kvalifikasjonar og eigenskapar
søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biomedisinke/molekylærbiologiske vitenskapar, nevrobiologi eller et lignende felt, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
Dokumentert erfaring med praktisk arbeid med musemodellar er påkrevd.
Det er ein fordel å ha erfaring med forsking på nevrodegenerasjon.
Erfaring med bildeteknikkar og/eller åtferdstesting på gnagarar er ein fordel.
Det er ein fordel å ha ekspertise i genetiske celletracing-teknikkar.
Erfaring med administrasjon av musekoloniar med fleire transgene oppsett og genotyping er ein fordel.
Må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre.
Må ha ferdigheiter i både skriftleg og munnleg engelsk.
Særeigne krav for stillinga:
FELASA-sertifisering (eller norsk godkjent internasjonal ekvivalent) for arbeid med forsøksdyr)
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.
Vi tilbyr
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 660 000 (kode 1352) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 670 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 695 000.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
relevante attestar
publikasjonsliste
vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.