LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 10.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på 3 år. Stillinga er knytt til Pandemisenteret, finansiert av Det medisinske fakultet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Saman med Pandemisenteret, utvikling og gjennomføring av egget forskingsprosjekt relatert til pandemiar. Prosjektet skal være plassert i en tverrdisiplinær kontekst og væra i tråd med Pandemisenterets visjon
  • Skriving av søknader og rapporter for Pandemisenteret
  • Saman med sekretariatet og strategisk arbeidsgruppa ved Pandemisenteret, koordinere prosjekter

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor pandemiar, beredskap eller globale samfunnsutfordringar, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
  • erfaring frå søknadsskriving / skriving av rapporter
  • kjenne til relevante finansieringskjelder for å søke midlar for forsking innan pandemi, beredskap og pandemihandsaming
  • kompetanse innan både kvantitative og kvalitative analyser ønskeleg
  • god oversikt over norske og europeiske akademiske institusjonar og bredt nettverk
  • nytte norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode koordinerings- og samarbeidsevner
  • evne til nytenking og gjennomføring
  • erfaring med utvikling og organisering av prosjekter og kurs vil verte sett på som positivt

Særeigne for stillinga er at søkaren får lov til å utvikle sit egget prosjekt innan et pandemirelatert forskingsområde i samarbeid med forskarane ved Pandemisenteret. Det er en fordel om søkjaren inkluderer framlegg om kva tema ein ville vere interessert i, i søknaden

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden

Den tilsette kan verte pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Se forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 573 900 (kode 1352, lønssteg 62) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 584 700 (kode 1352, lønssteg 63). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 615 000 (kode 1352, lønssteg 66).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • Relevante attestar
  • Publikasjonsliste
  • Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS