LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor knytt til marine biogeokjemiske prediksjonar og prognosar

Søknadsfrist: 23.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling 

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforskning, er det ledig ei stilling som postdoktor innan marin biogeokjemisk modellering.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til tre Horizon Europe-prosjekt; OceanICUSEAClim, og TipESM, finansiert av Den europeiske union under GA Nr. 101083922, GA Nr. 101180125, og GA Nr. 101137673.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

OceanICU vil auke vår kunnskap om havets rolle i den globale karbonkrinsløpet, med særleg fokus på funksjonen til den biologiske karbonpumpa. Målet er å utvikle praktiske forvaltningsverktøy.

SEAClim vil gi detaljerte prediksjonar og prognosar av endringar i marine miljø over fleire år til hundreår, med fokus på Nord-Atlanteren. TipESM vil utforske vippepunkt, deira drivande prosessar og påverknader ved bruk av den nyaste generasjonen av jordsystemmodellar.

For denne stillinga ser vi etter ein kandidat som vil auke vår forståing av endringar i marin biogeokjemi over fleire år til hundreår, knytt til klimaendringar og den interne variabiliteten i jordsystemet. Søkjaren vil kvantifisere prediktabiliteten av endringar i marine biogeokjemi ved å analysere toppmoderne klimamodellar. Kandidaten vil vidare analysere adaptive utslippsscenario for å kvantifisere trygge avbøtingsvegar for utvalde vippeelement i jordsystemet.

Kandidaten vil vere ein del av biogeokjemi-forskingsgruppa ved Geofysisk institutt og karbonsystem-forskingstemaet ved Bjerknessenteret for klimaforskning. Kandidaten er forventa å aktivt delta i forskingssamarbeid på tvers av SEAClim, OceanICU og TipESM, og vere motivert til å forske på eit internasjonalt konkurransedyktig nivå.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor marin biogeokjemi, oseanografi, klimavitskap eller relaterte felt eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ei grundig forståing av regional og storskala havbiogeokjemi, spesielt karbonkrinsløpsprosessar, dynamikk i oksygen- og næringssyklusar, er eit krav.
  • Kompetanse i vitskapleg skripting, programmering og dataanalyse (t.d. Python, Matlab, R) er eit krav.
  • Kunnskap om klimavariabilitet og prediktabilitet er ein fordel.
  • Erfaring med Linux-klynger og drift av jordsystemmodellar er ein fordel.
  • Erfaring med handtering av store datasett, som CMIP-data, er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Dokumentasjon på sjølvstendig forsking og skriveferdigheiter er eit krav.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 624 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei oppsummering av dine ferdigheiter i høve til kvalifikasjonane nemnde ovanfor.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Fillippa Fransner, Geofysisk institutt, UiB, Filippa.Fransner@uib.no , eller 
  • Dr. Friederike Fröb, Geofysisk institutt, UiB, Friederike.Frob@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Maria Svåsand, Maria.Svasand@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS