Postdoktor innan modellering av atmosfærisk elektrisitet
Søknadsfrist: 02.04.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktorstilling innan modellering av atmosfærisk elektrisitet
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei postdoktorstilling innan modellering av fysikken i den midlere atmosfæren. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og er knytt til prosjektet «GEAEC: Gamma-ray-glow Effects on Atmospheric Electricity and Chemistry», finansiert av Norges Forskningsråd.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Målet med dette prosjektet er å forstå rolla til gammastråleglød (GRG) i kjemien til jordas atmosfære og i det globale elektriske miljøet under tôrever.
Målet med prosjektet kan ein nå ved å svare på følgjande forskingsspørsmål:
Kva er mekanismen for generering av gammastråleglød (GRG) i torevêr? Korleis kvantifisere intensiteten og spektrumet til gammastråleglød basert på tôreverseigenskapar?
Bidreg GRG vesentleg til endringar i stratosfærekjemien og dynamikken i ozonlaget?
Bidreg GRG vesentleg til danninga av stratosfæriske aerosoler?
Modifiserer GRG den globale elektriske kretsen vesentleg?
Postdoktoren vil utvikle numeriske kodar som trengs for prosjektet, spesielt aerosoldynamikkoden, og vil hjelpe andre teammedlemmer med utvikling av andre koder. Postdoktoren skal også utføre teoretiske studiar av GRG, for eksempel numerisk analyse av GRG-effektar på ozonlaget.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i fysikk eller tilsvarande fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Søkjarar må ha god teoretisk bakgrunn i atmosfærefysikk og vere villige til å spesialisere seg på dynamikken i aerosolvekst.
Søkjarar må ha ein viss kompetanse innan numeriske metodar.
Det er en stor fordel å ha relevant erfaring innan kodeutvikling.
Det er ein fordel med erfaring frå
numerisk modellering av elektromagnetiske felt
Monte Carlo eller PIC modellering av partiklar
modellering av atmosfærisk kjemi eller aerosoler
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden opptil 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 615 700 (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.