Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i religionsvitskap
Velkomen som søkjar til ei postdoktorstilling i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, med eit forskingsprosjekt om sterkt individuelt engasjement i tidlege former for kristendom. Planlagd oppstart er 1. januar 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Stillinga er øyremerka for forsking på tidleg kristen poesi frå det oppstod til det 6. århundre etter vår tidsrekning.
Stillinga er den første av tre postdoktor-stillingar som blir utlyste i samband med RADHEART-prosjektet. Den som vert tilsett vil bli ein del av eit stort og dynamisk forskingsmiljø ved instituttet som fokuserer på oldtida, i tillegg til ei forskargruppe som samarbeider tett om individuelt engasjement i radikale former for religion i oldtida. Den som vert tilsett vil få sjansen til å samhandle med toppforskarar på feltet og reise på konferansar og forskingsopphald.
Om RADHEART-prosjektet
RADHEART: Radical Habits of the Heart: Emotions, Embodiment, and Strong, Individual Commitment in Ancient Religions, er eit ERC Consolidator Grant leia av Laura Feldt.
Prosjektet fokuserer på rolla kjensler og kropp spelar i sterkt, individuell engasjement i oldtida. Prosjektet undersøker korleis kjenslemessig intense og sterke religiøse engasjement (dvs. radikale hjartevanar) blir uttrykt og kultivert i jødiske og kristne formative tradisjonar på tvers av dei tre aksane tekstualitet, medialitet, og praksis, frå det 6. århundre før vår tidsrekning til det 6. århundre etter vår tidsrekning. Prosjektet fremmer eit nyskapande teoretisk rammeverk som kombinerer religionsestetikk, erfaringsorientert antropologi og framoverretta filologi. Forskingsgruppa vil bruke perspektiv frå religionsestetikk, opplevingsorientert antropologi og framoverretta filologiske metodar.
Arbeidsoppgåver:
Postdoktoren skal arbeide både sjølvstendig og i eit forskingsteam. Den er forventa at den som vert tilsett utviklar og gjennomfører sitt eige forskingsprosjekt om tidleg kristen poesi på måtar som bidreg til det overordna forskingsprosjektet. Dette inneber å forhalde seg til prosjektets hypotesar, konsept, teoretiske rammeverk og metodar, og bidra til å nå prosjektets mål og sikre resultat.
Postdoktoren skal publisere vitskaplege arbeid, presentere forsking på vitskaplege konferansar og drive formidling til allmenta. Det er forventa at postdoktoren bidrar til planlegging av prosjektseminar, konferansar og andre arrangement, at vedkommande gjennomfører forsking på spesifikke casestudiar og arbeider med prosjektteamet for å utvikle prosjektet vidare, deltar i skriveseminar og sosiale arrangement, bidrar til organiseringsoppgåver, og elles samarbeide med prosjektleiar Laura Feldt, inkludert å samredigere ein vitskapleg antologi av relevans for sitt eige prosjekt.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga har som formål at den som blir tilsett skal opparbeide seg ein forskarprofil og kompetanse som gjer vedkommande kvalifisert for å søkje stilling som førsteamanuensis.
Den som blir tilsett må i samråd med instituttet utarbeide ein karriereplan som spesifiserer den kompetansen postdoktoren skal opparbeide seg. Samla postdoktorperiode er tre år.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjaren må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan religionsvitskap/religionshistorie/religionsstudium eller nærliggande og relevant fag eller fagfelt. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
Søkjaren må ha kompetanse i tidleg kristendom, ferdigheiter i gresk og/eller latin (ferdigheiter i begge vil bli rekna som ein fordel), og dokumentert interesse for generell, samanliknande religionsvitskap. Kompetanse i poesi vil bli rekna som ein fordel. Dette kan dokumenterast gjennom til dømes publikasjonar, undervisningserfaring eller kurs.
Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjaren må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse som forheld seg til RADHEART-prosjektskildringa (som ein kan få ved å kontakte prosjektleiar Laura Feldt: laura.feldt@uib.no) saman med ein framdriftsplan for hovudaktivitetane i postdoktorprosjektet, samt ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Bruttoårsløn på kr 645 000 i full stilling (kode 1352). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.
Søknaden skal innehalde:
Eit søknadsbrev (2-3 sider) som skildrar dine generelle forskingsinteresser, ekspertise og motivasjon, og korleis desse gjer deg til ein god kandidat for denne postdoktorstillinga i RADHEART-prosjektet.
Prosjektskisse for postdoktorprosjektet (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring. Skissa skal òg skildre empirien som skal bli brukt i prosjektet.
Litteraturliste for prosjektskissa.
Framdriftsplan for prosjektet og ein plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar.
CV.
Karakterutskrift og vitnemål som dokumenterer fullført bachelor- og mastergrad, og dokumentasjon som viser at doktoravhandlinga er levert inn.
Ei kort oppsummering av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
Fullstendig liste over alle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
Relevante attestar og stadfestingar, og dokumentasjon på kompetanse i tidleg kristendom og relevant filologisk kompetanse.
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Leiar for RADHEART-prosjektet, førsteamanuensis Laura Feldt, epost: laura.feldt@uib.no, eller
Instituttleiar, professor Teemu Sakari Ryymin, epost: teemu.ryymin@uib.no, telefon: +47 55 58 38 79
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.