LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i miljøtoksikologi og cellebiologi hos sjøpattedyr

Søknadsfrist: 31.05.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre.

Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i miljøtoksikologi og cellebiologi hos sjøpattedyr

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor i miljøtoksikologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til prosjektet "Whales and polar bear in a petri dish: decoding marine mammal toxicology through in vitro and in silico approaches", finansiert av Forskningsrådet (NFR)

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmålet med dette spennande prosjektet er å etablere grunnleggjande kunnskap om sjøpattedyra sine toksikologiske forsvarssystem gjennom å karakterisere funksjonelle eigenskapar til dei molekylære komponentane i dette systemet, samt cellulære responsar i cellekulturar frå ulike arter sjøpattedyr. Det er også eit mål å integrere bioinformatiske analysar av genom- og transkriptom-data med tilgjengelege rapportar om genuttrykk i biopsiar frå sjøpattedyr i naturen. Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet, er knytt til Senter for Digitalt Liv Norge og har ni partnarar i Noreg, Spania, Portugal og USA.

Postdoktoren vil ha det overordna ansvaret med å etablera teknikkar for dyrking, reprogrammering og differensiering av cellekulturar frå utvalde arter sjøpattedyr, toksikologiske eksponeringsstudiar, og analyser av ulike molekylære og cellulære endepunkt med avanserte metodar. Til dette ligg også etablering av toksikogenomiske analyser og studie av reseptoraktivering ved hjelp av reporterassay og in silico modellering, samt bioinformatiske analyser.

Vi søkjer ein særs motivert kandidat som meistrar relevante teknologiar på eit teoretisk såvel som praktisk nivå og med ambisjonar om å utvikle si akademiske karriere. Stillinga vil medføre noko reising både nasjonalt og internasjonalt, der eit utanlandsopphald kan vere aktuelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor miljøtoksikologi, cellebiologi, molekylærbiologi eller anna relevant fagområde. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 05.08.2023. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå cellebiologisk og molekylærbiologisk arbeid er eit krav.
  • Erfaring frå miljøtoksikologiske studie og arbeid med sjøpattedyrceller er ein føremon.
  • Erfaring med transkriptomikk, proteomikk og/eller lipidomikk, samt in silico modellering og bioinformatiske analyser er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. (Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet.) Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø,
  • stilling som postdoktor (kode 1352 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 604 900 (svarar til lønssteg 62) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 05.08.2023.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS