Postdoktor i medisin ved Senter for komplekse sykdommer og aldring (CC.AGE)
Søknadsfrist: 31.01.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i medisin ved Senter for komplekse sykdommer og aldring (CC.AGE)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er del av Senter for komplekse sykdommer og aldring (CC.AGE) som er finansiert av Trond Mohn stiftelse. CC.AGE er ein del av Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS), leia av professor Bettina S. Husebø. SEFAS har 15 tilsette og veks raskt med fleire nye forskarstillingar. SEFAS har kontor ved Alrek helseklynge, med høgt fokus på innovasjon, tverrprofesjonelt samarbeid, brukarinvolvering og samarbeid med industripartnarar. CC.AGE har tett samarbeid med Senter for ernæring, Institutt for klinisk medisin, UiB, og Bergen Senter for etikk og prioritering av helse (BCEPS).
CC.AGE startar formelt i februar 2024 for å støtte eldre vaksne personar i å bo trygt og sjølvstendig heime, ved å utvikle og nytte ny teknologi. Denne postdoktorstillinga er nært knytt til eit aktivt forskingsnettverk med erfaring og kompetanse frå komplekse helseintervensjonar hos eldre vaksne som bur heime, og personar med komplekse tilstander, inkludert demens og Parkinsons sjukdom. Prosjektet forventast å gi resultat av høg klinisk relevans som kvalifiserer for publikasjonar i internasjonale anerkjende fagfellevurderte vitskaplege tidsskrifter. SEFAS legg til rette for vitskapleg karrierebygging med eit langsiktig perspektiv.
Som eit utgangspunkt for CC.AGE vil postdoktoren ha ansvaret for dei førebuande oppgåvene ved å bygge ein base av tverrfagleg kunnskap om teknologi, metodikk og brukarinvolvering.
Postdoktoren skal også stå for å planlegge og starte opp det randomiserte kontrollforsøket som ein del av prosjektet, med relevante oppgåver som etiske godkjenningar, rekruttering, utdanning, relevante utdanningsoppgåver etc.
Dette arbeidet vil være nært knytt til utvikling av ALIVE-plattforma i samarbeid med Youwell . Andre oppgåver inkluderer: rettleiing av ph.d.-kandidatar (som hovud- eller bi-rettleiar), publisering og formidling, arbeid for internasjonalisering av senterets forsking.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor medisinsk retta utdanning som medisin, sjukepleie, ernæring, farmasi, fysioterapi osv., eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
Tidlegare røynsle frå arbeid med eldre vaksne i heimeteneste, sjukeheim eller sjukehusarena er også en forutsetning.
Tidlegare erfaring frå arbeid med sensorteknologi eller velferdsteknologi er en fordel.
Ferdigheiter i både skriftleg og munnleg norsk og engelsk er eit krav.
Søkarar som oppfyller krava til stillinga vil bli rangert etter styrke innanfor sine respektive felt i forhold til relevansen av deira kompetanse mot SEFAS’ behov, strategiske mål og prioriterte områder for framtidig utvikling.
Personlege eigenskapar som vil vektleggas i vurderinga av søkarane er mellom anna evne til å arbeide sjølvstendig strukturert, samarbeide med andre, motivasjon, ansvarskjensle, arbeidsevne og entusiasme for forsking.
I rangeringa av kandidatar vil det bli lagt stor vekt på de personlege eigenskapane som er naudsynt for stillinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.
Se forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 615 700 (kode 1352, lønssteg 63) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 646 000 (kode 1352, lønssteg 66).
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
relevante attestar
publikasjonsliste
vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.