LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i magmatisk petrologi

Søknadsfrist: 07.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i magmatisk petrologi.

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor i magmatisk petrologi.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og knytt til Senter for djuphavforsking.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Senter for djuphavforsking er eit tverrfagleg forskingssenter der den geofaglege forskinga er retta mot spreieryggar, danning av oseanisk litosfære, hydrotermisk aktivitet, og vass-bergart interaksjonar. Postdoktorstillinga vil spesielt vere retta mot magmatiske prosessar og danning av oseanisk litosfære ved jordas saktespreiande midthavryggar. Den vil vere retta mot mantelen under ryggane, med vekt på å dokumentere samansetninga og korleis mantelen har utvikla seg over tid. I tillegg vil forskinga være retta mot dei ulike prosessane som kontrollerer danning og differensiering av magma, samt mulige miljøpåverknader av vulkansk aktivitet. Arbeidsoppgåver vil omfatte både felt/tokt og laboratoriearbeid for anskaffing av nye geokjemiske- og geokronologiske data som forskinga vil byggje på.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor magmatisk petrologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med djuphavforsking og relevante analysemetodar er eit krav.
  • Erfaring med forskingsformidling er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 25 % av arbeidstida skal knytast til undervisning, kommunikasjon og formidling ved Institutt for geovitenskap. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

For eksternfinansierte postdoktorar:

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 573 900 brutto (tilsvarande lønssteg 62). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Tilgang til avanserte analytiske instrument
  • Tilgang til marin forskingsinfrastruktur
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Rolf Birger Pedersen, Institutt for geovitenskap, rolf.pedersen@uib.no, tlf. 91330278, eller
  • Førsteamanuensis Steffen Leth Jørgensen, Institutt for geovitenskap, steffen.jorgensen@uib.no, tlf. 41626055

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS