Postdoktor i kjønns-, seksualitets- og kritisk mangfaldsforsking
Søknadsfrist: 25.03.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i kjønns-, seksualitets- og kritisk mangfaldsforsking
Velkomen som søkjar til ei ledig postdoktorstilling i kjønns-, seksualitets-, og kritisk mangfaldsforsking ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) med oppstart 01.08.2024 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
Senter for kvinne- og kjønnsforsking er eit tverrfagleg senter for forsking, formidling og undervisning om kjønn, seksualitet, mangfald, med vekt på feministisk, skeiv og post/dekolonial teori. Senteret har ein kritisk, historisk og global profil, med fokus på samspelet mellom kjønn og andre maktstrukturar i samfunnet, som rase, klasse, etnisitet, alder, kroppsstorleik og funksjonsevne. SKOK er eit forskingsmiljø med spisskompetanse på teori innanfor det tverrfaglege kjønns- og seksualitetsforskingsfeltet, med særleg innretning mot globale samfunnsutfordringar. Den som vert tilsett skal bidra i den vidare oppbygginga av kompetansen i forskingsmiljøet.
SKOK er ein pådrivar for kjønnsforsking ved UiB, samt ein aktiv aktør innan kjønnsforsking nasjonalt og internasjonalt. Postdoktoren er venta å delta både på nasjonale og internasjonale arenaer, og det er ønskeleg at hen siktar seg inn mot publisering både i nasjonale og internasjonale publiseringskanalar.
Om prosjektet:
Utlysinga er open for prosjektsøknader som har eit kjønns-, seksualitets- og/eller kritisk mangfaldsperspektiv på globale samfunnsutfordringar, som til dømes forholdet mellom teknologi/menneske/posthumanitet, helse, klimaendringar og tap av biodiversitet, internasjonal migrasjon, urbanisering, geopolitiske spenningar, militarisering, demokrati, ytringsfridom og dekolonialisering.
Søkarar med doktorgrad relevant for forskingsfelta ovanfor, er velkomne til å søkje. Prosjektforslaget skal ha ein tydeleg teoretisk forankring og kunne bidra med kritisk tenking i forhold til globale utfordringar knytt til ulike empiriske nedslagsfelt. Prosjektforslag som har potensial for teoretisk og/eller metodisk vidareutvikling og nyskaping, og slik bidra til senterets teoretiske profil, vil bli føretrekte.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga har ei ramme på fire år, og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet i samråd med senteret. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
25 prosent av tida er pliktarbeid, som først og fremst omfattar undervisning, men òg andre oppgåver som administrasjon med meir. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med senteret ved tilsetjing.
Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan ein disiplin som er relevant for ph.d.-prosjektet (som nemnd ovanfor). Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
Søkjaren må leggje fram ei prosjektskisse innan eitt av forskingsfelta nemnd ovanfor, med framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet. I tillegg må søknaden innehalde ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må beherske engelsk.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane og framdriftsplanen for prosjektet.
Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Løn tilsvarande lønnssteg 63 (kode 1352), som for tida svarar til ei bruttoårsløn på 615 700,-. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.
Søknaden skal innehalde:
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
Prosjektskisse for postdoktorprosjektet (inntil fem sider/12 000 teikn, bibliografi ikkje medrekna).
Framdriftsplan for prosjektet og ein plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar.
Litteraturliste for prosjektskissa.
Fullstendig liste over alle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
Ei kort oppsummering av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
CV.
Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullført bachelor- og mastergrad, og som viser at doktoravhandlinga er levert inn.
Relevante attestar og stadfestingar.
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Senterleiar Kari Jegerstedt via e-post: kari.jegerstedt@uib.no eller telefon: +47 451 97 013
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Dei best kvalifiserte søkjarane blir kalla inn til intervju.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.