LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i fysisk oseanografi

Søknadsfrist: 30.09.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling 

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av prosjektet ROVER (finansiert av ERC-Consolidator Grant, ERC-Consolidator Grant).

Som postdoktor i oseanografigruppa ved Geofysisk institutt vil du også vere knytt til Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er Nordens største naturvitskaplege forskingssenter på klima og har eit breitt internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Gjennom omveltingssirkulasjonen i dei nordiske hav og Polhavet blir varmt atlantisk vatn omdanna til kaldt, tett djupvatn som returnerer til Nord-Atlanteren og utgjer kjeldevatnet til den djupe delen av den atlantiske meridionale omveltingssirkulasjonen. Prosjektet vil retta søkjelyset mot djupvassdanning nær den marginale iskanten i dei nordiske hav, med særleg fokus på Austgrønlandsstraumen. Dei siste tiåra har det vore ein redusering i utbreiinga av sjøis, noko som har ført til at Austgrønlandsstraumen i aukande grad er isfri om vinteren. Dette har igjen ført til at det er eit betydeleg varmetap frå havet til atmosfæren. Vi har ein hypotese om at djupvassdanning i dette området vil få stadig større betydning for omveltinga i dei nordiske hav og kan tilmed vere med på å motverke ei svekking av Atlanterhavets omveltingssirkulasjon i eit varmare klima. 

Den tilsette postdoktoren vil undersøke korleis omveltinga i de nordiske hav og Polhavet responderer på eit varmare klima med mindre sjøis. 

Hovudmåla er: 

  • Å integrere målingar tatt langs Austgrønlandsstraumen frå måleriggar, glidarar, bøyer og forskingsfartøy for å fastslå omfanget av djupvassdanning i straumen, og vurdere korleis dette innverkar på tilførselen av djupvatn frå dei nordiske hav. 
  • Å fastslå verknadene av aukande danning av tett vatn i Austgrønlandsstraumen på Nord-Atlanteren og omveltingssirkulasjonen ved bruk av havsirkulasjonsmodellar. 

Desse måla vil i hovudsak bli nådd gjennom analyse av eksisterande og nye observasjonar, hav-reanalyseprodukt og numeriske simuleringar av ulik kompleksitet. Prosessar av interesse inkluderer konveksjon, hav-is-atmosfære vekselverknadar, kantstraumdynamikk, hydraulisk kontroll og storskala påverknad av endra djupvassegenskaper på omveltingssirkulasjonen. 

Det blir forventa at kandidaten deltar på forskingstokt til Islands- og Grønlandshava, som vil vare i 3–4 veker om vinteren i 2025 og om sommaren i 2026. Vidare vil kandidaten ha moglegheit for lengre forskingsopphald hos internasjonale samarbeidspartnarar ved University of Oxford i Storbritannia, Woods Hole Oceanographic Institution i USA eller Alfred Wegener instituttet i Tyskland.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha ein doktorgrad i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller liknande, eller ha levert avhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. 
  • Ei djup forståing av fysiske prosessar i havet ved høge breiddegrader er eit krav. 
  • Gode ferdigheiter innan matematikk og programmering (Matlab og Python er fordelaktige) er eit krav. 
  • Erfaring innan statistisk analyse av data frå numeriske modellar relatert til hav eller klima er eit krav. 
  • Erfaring med dataprosessering og -analyse er ein føremon. 
  • Erfaring med oseanografisk feltarbeid er ein føremon. 
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. 
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga 

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Avhengig av instituttet sine behov og den tilsette si undervisningserfaring eller andre relevante kvalifikasjonar, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø. 
  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på NOK 624 500 (tilsvarande lønssteg 64). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. Søkjaren må adressere korleis dei nødvendige kvalifikasjonane og personlege eigenskapane blir oppfylte. 
  • Ei kort utgreiing om forskingstemaet og dei aspekta kandidaten vil føretrekkje å fokusere på. 
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. 
  • CV 
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. 
  • Relevante attestar.
  •  Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). 
  • Eventuelle publikasjonar i ditt namn. 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. post til enkeltpersonar, vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Maria Svåsand (maria.svasand@uib.no). 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Kandidaten må til ei kvar tid overhalde retningslinjene som gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS