LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i forseglingsanalyse

Søknadsfrist: 11.01.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i forseglingsanalyse

Ved Institutt for geovitenskap, er det ledig ei stilling som postdoktor i forseglingsanalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Den inngår i prosjektet Forsegling av fluider i undergrunnen og er finansiert av Equinor. Den som blir tilsett må kunne starte i stillinga seinast innan 30 april, 2024.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet Forsegling av fluider i undergrunnen har som føremål å betre forståinga av prosessane som leiar til delvis eller fullstendig forsegling av væsker i undergrunnen og av kor godt slike prosessar kan kvantifiserast. Kunnskap om slik forsegling er viktig for ei rekkje bruksområde, til dømes lagring av CO2 og hydrogen, strømming av injisert CO2, utnytting av geotermisk energi, leiting etter og produksjon av olje og gass, og strømming av grunnvatn. Forskinga i dette prosjektet inkluderer analyse av forkastingars permeabilitet, vilkår for seglbrot, vilkår for forsegling av fluider med oppdrift (som olje, gass og CO2), og betydinga av laterale faciesvariasjonars betydning for kor godt forsegling kan talfestast. Studiane vil omfatte arbeid med seismiske data og brønndata frå olje- og gassleiting og produksjon.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor geologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 01.04.2024. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå analyse av seismiske data er eit krav.
  • Erfaring frå arbeid med analyse av tollsegl og forkastingssegl, geomekanikk, poretrykk, petrofysikk, CO2 lagrings operasjonar, leiting etter olje og gass og/eller reservoarmodellering er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Samla postdoktorperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til undervisning og formidling. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 615 700 (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på at doktorgradsavhandlinga er levert. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 01.04.2024.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med seniorkonsulent , Vivian Stegen Jacobsen, Vivian.jacobsen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS