Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Virussjukdommar er like alvorleg for fisk som for menneske – og det er svært utfordrande å lage effektive vaksinar som vernar mot virussjukdommar, anten det er til menneske eller fisk. Oppdrettsfisk er spesielt utsett på grunn av høg tettleik i merdane. Meir effektive vaksinar enn dei som er tilgjengelege i dag kan redusere dødelegheit blant fisken og dermed bidra til fleire av FNs berekraftsmål, inkludert mål nr. 2 som er å utrydde svolt.
I dette postdoktorprosjektet skal vi undersøkje adaptive immunresponsar i laks etter vaksinasjon med mRNA-vaksine. Vi skal vaksinere laks med mRNA-vaksine, samanlikne responsen med andre vaksinetypar, isolere immunceller frå ulike immunorgan og gjere single cell RNA-sekvensering. I tillegg til transkriptomikk, vil metodar som mikroskopering, immunfarging og spatial transcriptomics også vere sentrale, samt arbeid med RNA og dyrking av virus.
Dette prosjektet byggjer på arbeid i Gyri Haugland si forskingsgruppe der vi har utarbeidd protokollar for å lage mRNA-vaksine til laks, og gjennomført dei første vaksineforsøka. Kandidaten får jobbe i eit travelt og engasjerande forskingsmiljø med andre postdoktorar, PhD-stipendiatar, master- og bachelorstudentar. Det vil også vere moglegheit for eit forskingsopphald hjå samarbeidspartnaren vår i Tyskland.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor bioinformatikk, immunologi, vaksinologi eller molekylærbiologi. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 30.06.2025. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
Erfaring frå eller kompetanse innan transkriptom-samansetjing og -analyser, inkludert analyse av differensielt uttrykte gen (DEG), er eit krav
Erfaring frå eller kompetanse innan single cell RNA sekvensering er ein fordel
Erfaring frå eller kompetanse innan fiskeimmunologi og vaksinologi er ein fordel
Erfaring frå eller kompetanse innan studiar av genom er ein fordel
Erfaring frå eller kompetanse innan spatial transcriptomics er ein fordel
Erfaring frå eller kompetanse innan arbeid med mikroskopiering og immunfarging er ein fordel
Erfaring frå eller kompetanse innan molekylærbiologiske metodar er ein fordel
Godkjent kurs i forsøksdyrlære (FELASA C eller tilsvarande) er ein fordel
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til fire år totalt. Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eit halvt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 624 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
CV
karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål tilsetjing
relevante attestar
liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Førsteamanuensis Anita Rønneseth, Universitetet i Bergen, Tlf: +47 55584421
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.