LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i fiskefysiologi

Søknadsfrist: 26.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i fiskefysiologi.

Ved Instiutt for Biovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor i fiskefysiologi og akvakultur

Stillinga er for ein åremålsperiode på tre (3) år og knytt til prosjektet ‘unlocking the key to dietary interventions’, finansiert av Norsk Forskingsråd (NFR).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet tar sikte på å gi ny kunnskap om nyre funksjon og fysiologiske endringer hos atlantisk laks (Salmo salar) og regnbueørret (Oncorhynchus mykiss) holdt under oppdrettsbetingelser som kan forårsake nefrokalsinose i akvakultur.

 Det forventes at postdoktoren vil, i samarbeid med de andre prosjektpartnerne, jobbe med følgende oppgaver:

  • Delta i feltarbeid kommersielle resirkulasjonsanlegg (RAS).
  • Gjennomføre kontrollerte forsøk med atlantisk laks (Salmo salar) og Regnbueørret (Oncorhynchus mykiss) eksponert hypercapnia.
  • Utføre kannulering av vener og arterier for prøvetakning av blod, samt gjennomføre katerisering av ureter/urinblære for oppsamling og analyse av urin.
  • Analyser syre-base regulering i blod, samt osmoregulatorisk status i regnbueørret og atlantisk laks holdt under forskjellige vannkvaliteter.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor fiskefysiologi og akvakultur eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan kannulering av vener og arterier hos fisk er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan katerisering av urinblære hos fisk eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan hematologi og syre-base regulering hos fisk er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan analytiske metodar som enzym kintetikk, genekspresjon og ioner i blod og urin er ein fordel.
  • Erfaring med å jobbe med atlantisk laks og regnbueørret er ein fordel.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan arbeid med vatnkvalitet i RAS anlegg er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 615 700 (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • Relevante attestar.
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS