LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i filosofi

Søknadsfrist: 08.01.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium er det ledig ei treårig stilling som postdoktor med tilsetjing frå 1. august 2023. Det kan bli aktuelt å leggje inn eit fjerde pliktarbeidsår i stillinga. Dette blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har omlag 70 tilsette på heil- og deltid, inkludert om lag 10 stipendiat- og postdoktorstillingar. Instituttet tilbyr undervisning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå i filosofi. I tillegg har det ansvar for å drive Universitetet i Bergen sitt Examen philosophicum-tilbod, samt Examen facultatum-emne ved Det humanistiske fakultet. Forskinga ved instituttet spenner over eit vidt område. Ei oversikt over forskingsgruppene på instituttet kan ein finne her: Forskingsgrupper.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga vil vere knytt til fagområdet politisk filosofi, eventuelt andre filosofiske fagfelt som er relevante for eit studieprogram i PPE (Philosophy, politics, and economics). Tilsetjing i stillinga krev at ein tek aktivt del i forskingsmiljøet til instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i filosofi. Søkjaren kan òg ha ein tilsvarande doktorgrad frå utlandet. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkjaren må leggje fram ei prosjektskisse innan politisk filosofi, eventuelt andre filosofiske fagfelt som er relevante for PPE, med framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet. I tillegg må søknaden innehalde ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
  • Den som får stillinga, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

I vurderinga av søkjarane blir hovudvekta lagt på dei akademiske kvalifikasjonane (publikasjonar og anna relevant erfaring) og på den vitskaplege kvaliteten i postdoktor-prosjektet. Relevansen av prosjektet for PPE kan også bli tillagt vekt.

Det blir vidare lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga har ein ramme på 3 år og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må i samarbeid med instituttleiar utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Dersom pliktarbeid (inntil eit årsverk) blir lagt inn i stillinga, kan dette vere knytt til utvikling av og eventuelt undervising ved eit studieprogram i PPE. Det kan også bli aktuelt med undervisning, rettleiing og evalueringsarbeid knytt til instituttet sitt Examen philosophicum-tilbod.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 62 (kode 1352) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 573 500,- før skatt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, og vitnemål for doktorgraden eller stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • Eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (inntil 3 sider).
  • Relevante attestar.
  • Prosjektomtale (inntil 5 sider, litteraturliste ikkje medrekna).
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektomtalen.
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Inntil 3 representative vitskaplege arbeid, på totalt inntil 75 sider, som det skal takast omsyn til i vurderinga. Dette kan inkludere artiklar eller utdrag av avhandling.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 08.01.2023

UiB-id: 22/16778

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS