Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
CDeepSea og forskingsgruppa Deep Sea Biology har eit sterkt fokus på å forstå økosystema i dei hydrotermale systema lokalisert langs den arktiske midthavsryggen (AMOR). Dei unike geokjemiske og geofysiske forholda i desse systema støtter eit tilsvarande unikt mangfald av (mikro)biologisk liv. For eksempel har nylege undersøkingar belyst tidlegare mørke områder av Livets tre, avslørt unike molekylære tilpassingar av mikroorganismar til ekstreme miljøforhold og støtta oppdaginga av biomolekyler av industriell relevans. Kandidaten som tilsettast vil fokusere på å avdekke mangfald, fysiologi, evolusjon, interaksjonar og tilpassingar av mikroorganismar frå hydrotermal system. Hydrotermale system lokalisert på AMOR vil vera det primære målet for studiane.
Arbeidsoppgåver
Prøveta og preparera prøver frå hydrotermale system.
Nytta fylogenomikk for å etablere dei taksonomiske og evolusjonære forholda til mikrobielle linjer i hydrotermale system.
Utføra komparativ genomikk for å føreseie fysiologi, identifisere det genetiske grunnlaget for miljøtilpassingar og avsløre interaksjonar hos mikroorganismar i hydrotermale system.
Nytta ulike mikroskopiteknikkar for å studere mikrobe-mikrobe og mikrobe-mineral interaksjonar. Relevante mikroskopiteknikkar inkluderer, men er ikkje avgrensa til, fluorescens in situ-hybridisering (FISH) mikroskopi og skanning elektronmikroskopi (SEM).
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor mikrobiologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Dokumentert erfaring med bruk av fylogenomikk og komparativ genomikk, inkludert diverse bioinformatiske plattformar for analyse og visualisering av data er eit krav.
Dokumentert erfaring med bruk av FISH og SEM er eit krav.
Erfaring med prøvetaking og prosessering av prøvar frå hydrotermale felt er eit føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Gode norskkunnskapar er eit føremon.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 615 700 (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
CV.
karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. (Alternativt: karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad.
relevante attestar.
liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
eventuelle publikasjonar.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgiver Therese Myhre Odfjell, Therese.Odfjell@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.