1 stilling som postdoktor ved Det juridiske fakultet (3 eller 4 år)
Søknadsfrist: 01.11.2024
Publisert
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Stillinga er for ein periode på tre år. Perioden kan bli forlenga til fire år dersom den som vert tilsett er kvalifisert til å undervise på dei obligatoriske emna på fakultetet sitt masterprogram.
Tiltreding er 1. januar 2025 eller etter avtale.
Stillinga som postdoktor er ei åremålsstilling som har som mål å kvalifisere for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetting.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Det er et krav at ph.d.-utdanninga er frå eit land som er ein del av EØS, eller at utdanninga gir særskilt kompetanse innan EU/EØS-rett.
Du må ha interesse for EU/EØS-rett og dens betydning for norsk trygderett.
Du må gjennom akademiske arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå
Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre.
Du må ha gode kunnskapar i både engelsk så vel munnleg som skriftleg.
Kunnskapar i norsk (eller eit anna skandinavisk språk) er eit føremon, men ikkje eit krav.
Arbeidsoppgåver
Arbeide med eit postdoktorprosjekt som skal resultera i minimum tre vitskaplege arbeidar i anerkjente publiseringskanalar.
Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om senterets forsking på relevante arenaar.
Delta på og vere med å organisere aktivitetar i arbeidspakken og i senteret, i tett samarbeid med dei andre medlemane.
Vere med på å byggje opp eit godt fagmiljø ved senteret og ved fakultetet.
Om CENTENOL
CENTENOL er eit forskingssamarbeid som fokuserer på korleis EØS-lovgjevinga, som knyter Noreg til EUs indre marknad, påverkar norsk lov. Senteret tek føre seg utfordringar norske juristar møter med å forstå EØS-lova og korleis dei kan tilpasse seg lovas krav betre.
Forskinga ved CENTENOL er tverrfagleg og ser på effekten EØS-lova om fri bevegelighet har på norsk trygde-, innvandrings, arbeids-, og forvaltningsrett. Målet er å auka medvitet om EØS-lovas potensielle og faktiske effektar i desse områda.
CENTENOL vil bidra til nasjonal kompetansebygging gjennom forsking, undervisning og formidling. Senteret er finansiert i en 5-års periode av Noregs forskingsråd.
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø ved senteret og fakultetet, med særs gode moglegheiter for kompetanseutvikling.
Opning for å søkje stipend for å gjennomføre forskingsopphald ved institusjonar utanlands som ein del av stillinga.
Løn etter lønssteg 72 (kode 1352). Dette ligg for tida på 720 100,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Gode velferdsordningar.
Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby sine tilsette.
Søknaden skal innehalde:
Søknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen). Brevet skal gi ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette samsvarer med prosjektmåla til CENTENOL og arbeidspakken om trygderett.
CV (fyllast ut i søknadsportalen).
Prosjektomtale på 3-4 sider (skriftstørrelse 11, enkel linjeavstand). Omtalen skal innehalde ei beskriving av postdoktor-prosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode, og ein plan for gjennomføringa av prosjektet. Prosjektet må vere fagleg relatert til CENTENOL og arbeidspakken om trygderett.
Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål.
Liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste).
Full versjon av masteroppgåva doktoravhandlinga og inntil 3 andre faglege publikasjonar i pdf-format. Publikasjonane må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. Søkar kan velje å inkludere upubliserte manuskript.
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør fortrinnsvis vere rettleiaren frå doktoravhandlinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka. Søkarar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå: Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.
Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenka på denne sida merka «Søk stillingen».
Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen 1. november 2024. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert.
Generell informasjon:
Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for CENTENOL og arbeidspakken om trygderett, samt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre postdoktorprosjektet og for bidra til fagmiljøet ved fakultetet og senteret.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga og rettleiing om utforming av prosjektskisse kan ein få ved å vende seg til: Arbeidspakkeleiar Halvard Haukeland Fredriksen (Halvard.Fredriksen@uib.no, tel. + 47 55583921).
Utfyllande opplysningar om CENTENOL og tilsetjing som postdoktor ved Det juridiske fakultet kan ein få ved å vende seg til: Senterleiar Christian Franklin (Christian.Franklin@uib.no , tel. + 47 95806468).
Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsettingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.