LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

1 stilling som stipendiat / postdoktor ved Det juridiske fakultet (3 eller 4 år)

Søknadsfrist: 25.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som stipendiat eller postdoktor knytt til prosjektet «Liv og arbeid i balanse: Rettslige svar på et arbeidsliv i endring og i krisetider» (LaW-BALANCE).

Prosjektet relaterer seg til rettsområda arbeids-, trygde- og diskrimineringsrett, og til koplinga mellom EU/EØS-rett og norsk rett. Det er ikkje eit krav at den som blir tilsett har erfaring med rettsområdet frå tidlegare. Det er opning for ein rettshistorisk eller rettskomparativ tilnærming i delar av arbeidet.

Stillinga er for ein periode på tre år, som kan bli forlenga til fire år dersom den som vert tilsett også er kvalifisert til å undervise på dei obligatoriske emna på fakultetet sitt masterprogram. Tiltreding er 1. august 2024 eller etter avtale.

For søkarar til stilling som stipendiat

Stillinga som stipendiat er ei åremålsstilling som har doktorgrad som mål. Som stipendiat skal du delta i fakultetets forskarutdanningsprogram og må oppfylle vilkåra for opptak på dette programmet innan 3 månader etter tilsetting.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande utanlandsk utdanning.
  • Du må ha interesse for arbeidsrett, trygderett, diskrimineringsrett og/eller EU/EØS-rett. Kunnskap om desse rettsområda er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Du må ha gode kunnskapar i både engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk), så vel munnleg som skriftleg.

Arbeidsoppgaver

  • Arbeide med ei doktoravhandling (fortrinnsvis artikkelbasert) som skal leverast mot slutten av stipendiatperioden.
  • Ta del i Ph.d.-programmet ved Det juridiske fakultet (les meir her).
  • Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaar.
  • Delta på og vere med å organisere aktivitetar i prosjektet, i tett samarbeid med dei andre prosjektmedlemane.
  • Vere med på å byggje opp eit godt fagmiljø ved fakultetet.

For søkarar til stilling som postdoktor

Stillinga som postdoktor er ei åremålsstilling som har som mål å kvalifisere for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetting.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha norsk doktorgrad i rettsvitskap eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert doktoravhandling til bedømming innan søknadsfristen.
  • Du må ha interesse for arbeidsrett, trygderett, diskrimineringsrett og/eller EU/EØS-rett. Kunnskap om desse rettsområda er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Du må gjennom akademiske arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Du må ha gode kunnskapar i både engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk), så vel munnleg som skriftleg.

Arbeidsoppgaver

  • Arbeide med eit postdoktorprosjekt som skal resultera i minimum tre vitskaplege arbeidar i anerkjente publiseringskanalar.
  • Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaar.
  • Delta på og vere med å organisere aktivitetar i prosjektet, i tett samarbeid med dei andre prosjektmedlemane.
  • Vere med på å byggje opp eit godt fagmiljø ved fakultetet.

LaW-BALANCE-prosjektet

LaW-BALANCE har som mål å gje ei betre forståing av det rettslege rammeverket for eit arbeidsliv i omstilling og å utvikle kunnskap om korleis jussen kan fungere som eit verkemiddel for å oppnå eit inkluderande arbeidsliv og ein velfungerande velferdsstat. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd.

LaW-BALANCE tek utgangspunkt i omgrepet "arbeid-liv-balanse", forstått som ein person si evaluering av kor nøgd ein er med tilhøvet mellom arbeid og privatliv. Prosjektet set særleg søkjelys på fleksible arbeids(tids)ordningar og tilgang til betalt permisjon. Prosjektet vil også sjå på vernet mot diskriminering ved krav om og handheving av desse rettane, og på innverknaden frå EU- og EØS-retten på norsk rett på området.

Prosjektet vil samarbeide med Maastricht University (Nederland), så vel som UiBs nyoppretta Senter for EU- og EØS-rett.

Interesserte kandidatar oppfordrast til å sjå her og kontakte prosjektleiar Melanie.Hack@uib.no for meir informasjon

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø ved fakultetet, med særs gode moglegheiter for kompetanseutvikling.
  • Opning for å søkje stipend for å gjennomføre forskingsopphald ved institusjonar utanlands som ein del av stillinga.
  • Stipendiat: Løn etter lønssteg 54-59 (kode 1017) ut frå relevant praksis. Dette ligg for tida i spennet mellom 532 200,- og 575 400,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Postdoktor: Løn etter lønssteg 72 (kode 1352). Dette ligg for tida på 720 100,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby sine tilsette.

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen). Brevet skal gi ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette samsvarer med prosjektmåla i LaW-BALANCE prosjektet.
  • CV (fyllast ut i søknadsportalen).
  • Prosjektomtale på 3-4 sider (skriftstørrelse 11, enkel linjeavstand). Omtalen skal innehalde ei beskriving av Ph.d./postdoktor-prosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode, og ein plan for gjennomføringa av prosjektet. Prosjektet må vere fagleg relatert til LaW-BALANCE.
  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål.
  • Liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste).
  • Full versjon av masteroppgåva (for søkarar til stipendiatstilling) eller doktoravhandlinga (for søkarar til postdoktorstilling) og inntil 3 andre faglege publikasjonar i pdf-format. Publikasjonane må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. Søkar kan velje å inkludere upubliserte manuskript.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør fortrinnsvis vere rettleiaren frå masteroppgåva / doktoravhandlinga.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka. Søkarar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå: Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.

Søkjarar med anna morsmål enn eit skandinavisk språk må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga.

Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenka på denne sida merka «Søk stillingen».

Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen 25. april 2024. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert.

Generell informasjon:

Det er særleg ønskeleg å rekruttere ein stipendiat til prosjektet. Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for Law-BALANCE-prosjektet, samt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre Ph.d./postdoktorprosjektet og for bidra til fagmiljøet ved fakultetet.

Dei best kvalifiserte søkarane kan bli kalla inn til intervju.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen her.

  • Utfyllande opplysningar om stillinga og prosjektet kan ein få ved å vende seg til: Prosjektleiar Melanie Hack (e-post Melanie.Hack@uib.no, tel. + 47 55589679).
  • Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsettingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Opptak til ph.d.-programmet ved Det juridiske fakultet

Om det blir tilsett ein stipendiat er det eit krav at kandidaten innan dei første tre månadane leverer ei utfyllande prosjektbeskrivelse som gir grunnlag for opptak på fakultetets forskarutdanning.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS