LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vikariat som seniorkonsulent (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitenskaplege fakultet

Søknadsfrist: 07.06.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Seniorkonsulent 

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til eit 6 månadars vikariat som seniorkonsulent (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i fleire administrative einingar og seksjonar. Som ph.d.-koordinator blir du ein del av Økonomi- og forskingsseksjonen, som yter tenester til heile fakultetet.

Den som blir tilsett, vil få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver og arbeide tett saman med institutta våre. Ph.d.-koordinatoren vil følgje det administrative arbeidet knytt til fakultetet sitt ph.d.-program gjennom heile løpet – frå opptak og driftsfase til disputas og avslutning.

Sidan dette er eit vikariat er det ønskjeleg med snarleg oppstart.

Arbeidsoppgåver:

  • Opptak og avtalar i ph.d.-programmet, inkludert å administrere opptaksprosessar.
  • Saksbehandling knytt til administrative milepålar, som, rapportering, endringar i rettleiingsteam og forlengingar. 
  • Saksbehandling i sluttfasen av forskarutdanninga, frå innlevering av avhandling til disputas
  • Koordinering av fakultetet sitt utviklingsprogram for forskarar tidleg i karrieren
  • Saksbehandling knyttet til opplæringsdel av ph.d.-utdanningen 
  • Koordinering av ph.d.-emner ved fakultetet
  • Håndtering av henvendelser angående ph.d.-programmet ved fakultetet

Generelle oppgåver

  • Saksførebuing og oppfølging
  • Webarbeid, rapportering og strategisk utviklingsarbeid
  • Utgreiings- og analyseoppgåver innan ansvarsområdet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Fullført mastergrad innan samfunnsvitskaplege fag
  • Erfaring frå ph.d.-administrasjon 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God administrativ IT-kompetanse; kjennskap til universitetet sine system er ein fordel
  • Erfaring med bruk av Felles Studentsystem (FS) er ein fordel 
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å vere fleksibel, ansvarsfull og imøtekommande

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er viktige for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver ved eit internasjonalt forskingsuniversitet med store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) for tida kr. 612 000 – 630 000 brutto) i det statlege lønsregulativet. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd). 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: assisterande fakultetsdirektør Vibeke Kyrkjebø Irgan, epost vibeke.irgan@uib.no 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS