LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar

Søknadsfrist: 30.09.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Stipendiat

Ved Geofysisk Institutt (GFI) er det ledig ei stilling som stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning), knytt til det strategiske prosjektet DYNAMIC-AI: Dynamics of Unprecedented and Compound Extremes using AI ved Bjerknessenteret.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stipendiaten vil være del av Bjerknessenteret sitt strategiske prosjekt DYANMIC-AI. DYNAMIC-AI vil kombinere fysisk modellering, dynamikkforståing, maskinlæring og hydrologisk modellering inn i eit samla rammeverk for analyse av samansette ekstremhendingar og ekstremhendingar utan historisk sidestykke. Prosjektet vil analysere skogbrann, tørke, hetebølger, sterk vind, ekstremnedbør og flaum. Gjennom å knyte saman vitskapelege tilnærmingar og Bjerknesekspertise vil vi oppnå ein ny forståing som overgår den som kommer frå dei enkelte vitskapelege greinene. 

Stipendiaten vil analysere ekstremnedbørshendingar på tvers av Europa i den nye generasjonen av CMIP6 CORDEX nedskaleringar av ensembleprognosar av klima, og utvikle ein hydrologisk modell med bruk av maskinlæring. Modellen skal etterlikne den hydrologiske responsen på ekstremnedbør. Modellen vil bli integrert i det fulle rammeverket i DYNAMIC-AI, som vil modellere forplantninga av usikkerheit frå atmosfæredynamikk ned til hydrologiske farar.

DYNAMIC-AI er eit tverrfagleg prosjekt, og eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NORCE Research og Nansensenteret for miljø og fjernmåling. Stipendiaten vil arbeide i eit særdeles internasjonalt arbeidsmiljø som del av Bjerknessenteret for klimaforsking, samlokalisert med Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. Bjerknessenteret er det største klimaforskingssenteret i Norden og blant de største i Europa med rundt 300 forskarar frå 40 land. 

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i datavitskap, atmosfærevitskap, meteorologi, hydrologi eller eit relatert fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Erfaring med Python-programmering, gode ferdigheiter i bruk av Unix/Linux, og handtering av store klimadatasett i deira originale format (t.d. NetCDF) er eit krav.

  • Erfaring frå minst eitt av følgjande område er eit krav: hydrologisk modellering, overflateprosessar, analyse av klimadata og/eller trening av nevrale nettverk. Erfaring frå fleire av områda er ein fordel.

  • Erfaring med maskinlæringsverktøy som Pytorch er ein fordel.

  • Forståing av og/eller erfaring frå analyse av ekstremhendingar er ein fordel.

  • Erfaring med statistikk, kvantifisering av usikkerheit eller forplantning av usikkerheit er ein fordel.

  • Kjennskap til andre relevante programmeringsspråk er ein fordel.

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg bli vurdert i utveljinga av kandidatar.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. 

Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø

  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort (maksimalt éi side) utgreiing om dine forskingsinteresser, korleis dei er relevante for stillinga og motivasjonen for å søkje stillinga

  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane

  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert

  • relevante attestar

  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • kopi av masteroppgåve

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Førsteamanuensis Stefan Sobolowski, Geofysisk institutt, Universitet i Bergen 

Sigrid Passano Hellan, NORCE Research 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen, e-post: magnus.larsen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

 Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS