LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i klima og helse

Søknadsfrist: 01.04.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for Klimaforsking er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i klima og helse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Klimaendringane sine konsekvensar for helse utgjer ei aukande utfordring for folkehelsemyndigheiter globalt. Sjølv om dei direkte og akutte effektane er godt dokumenterte, er dei indirekte og langsiktige verknadene mindre kjent, men potensielt langt meir alvorlege. Målet med dette doktorgradsprosjektet er å undersøkje korleis klimaendringar påverkar luftvegssjukdom i eit longitudinelt perspektiv. Prosjektet vil basere seg på data frå ein stor kohort av individ som strekkjer seg tilbake til 1990 frå studien Respiratory Health in Northern Europe (RHINE), samt meteorologiske data frå same tidsperiode. Avanserte statistiske metodar vil bli brukte for å identifisere moglege påverknader av vêrforhold og korleis variasjonar i desse, som følgje av klimaendringar, påverkar luftvegssjukdom. Stillinga høyrer til Climate Health Initiative, som er eit nyoppretta tverrfagleg forskingssamarbeid i Bergen.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i meteorologi, klimadynamikk, fysikk, matematikk, global helse, epidemiologi eller liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kompetanse i avansert statistisk analyse er eit krav
  • Erfaring med programmering (R, Python eller liknande) er ein fordel
  • Erfaring med analyse av store datasett frå meteorologi, klima eller helseregistre er ein fordel
  • Erfaring med vêr- og klimadynamikk ved midlere breddegrader er ein fordel
  • Erfaring med forsking på luftvegssjukdom er ein fordel
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

 Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik svare til 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. 
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Noel Keenlyside, Geofysisk institutt (noel.keenlyside@uib.no), som vil vere hovudrettleiar for stipendiaten. Medrettleiar vil vere Prof. Ane Johannessen, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (Ane.Johannessen@uib.no). 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgiver Asbjørn Rønningstad Sæther (asbjorn.sather@uib.no). 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS