LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stilling i klima og mediebruk

Søknadsfrist: 10.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stilling i klima og mediebruk

Ved Senter for klima og energiomstilling (CET), Universitetet i Bergen, er det ei ledig stilling som PhD-stipendiat for ein periode på tre år. Stipendiaten vil vere knytt til eit større forskingsprosjekt, Media Use in Crisis Situations: Resolving Information Paradoxes, Comparing Climate Change and COVID-19 (MUCS), finansiert av Norges Forskningsråd og leia frå Institutt for informasjons- og medievitskap. CET er partnar i prosjektet. Prosjektet studerer mediebruk, kvardagslege erfaringar, og samfunnsmessig respons på klimakrisa og koronakrisa. Stipendiaten vil gjere feltarbeid i lokalsamfunn for å sjå på innbyggjarar sin respons på desse krisesituasjonane.

Senter for klima og energiomstilling er eit tverrfagleg forskingssenter som har som mål å skape handlingsretta kunnskap om korleis oppnå djup, rask og berekraftig transformasjon av samfunnet for å møte klimautfordringa. CET er ein del av Det samfunnsvitskaplege fakultet, og jobbar med forskarar frå ei rekke disiplinar.

MUCS-prosjektet har som mål å løyse paradoks i vår forståing av kommunikasjon i samfunnsmessige krisesituasjonar, gjennom nyskapande kvalitativ og tverrfagleg forsking. Prosjektet analyserar forholdet mellom informasjon og personleg erfaring i møte med krisar, og samanliknar klimaendringar med koronapandemien. Det er mykje informasjon i media om begge saker, men store skilnadar i korleis folk opplever krisene i eigen kvardag. Med ei nyskapande tverrfagleg tilnærming som kombinerer mediebruksforsking, samfunnsgeografi og politisk psykologi, analyserer prosjektet mediebruk og responsar hos norske innbyggarar i krisesituasjonar.

PhD-kandidaten vil vere del av eit dynamisk, tverrfagleg og ambisiøst lag. Ho eller han vil forventas å utføre ekstensivt feltarbeid i eit eller fleire norske lokalsamfunn påverka av begge krisesituasjonane. Aktuelle tema her vil vere informasjonsflyt, mestringsstrategiar, kjenslege reaksjonar og sosiale dynamikkar, med fokus på både innbyggarar og offentlege myndighetar.

PhD-kandidaten er forventa å utvikle eit forskingsprosjekt som oppfyller krava til doktorgrad, i samråd med rettleiarar, i ei tidlig fase av stipendiatperioden. I søknaden forventast søkarar å legge ved eit motivasjonsbrev som beskriv korleis hennar eller hans kompetanse er tenkt brukt til å utvikle og utføre prosjektet.

Stipendiaten vil ha sitt arbeidssted på CET, og er forventa å bidra til å gjere CET til et dynamisk og produktivt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller tilsvarande innan samfunnsvitskap, til dømes samfunnsgeografi, mediestudiar, sosiologi eller sosialantropologi. Kravet er karakter B på masteroppgåva og i mastergraden totalt. Studentar som leverer masteroppgåva i vårsemesteret 2021 kan søke. (Mastergraden må vere fullført før kandidaten kan starte i stillinga, og same karakterkrav gjeld.)
  • Kompetanse, erfaring og interesse innan tema for MUCS-prosjektet (motivasjonsbrevet vil vere viktig i vurderinga av søkarane).
  • Røynsle med metodar nødvendig for å utføre forskingsprosjektet, til dømes kvalitativt feltarbeid eller etnografiske metodar.
  • Interesse for tverrfagleg forsking, og evne til å jobbe med andre
  • Kunnskap i norsk eller skandinavisk språk er eit krav. Kompetanse i skriftleg og munnleg engelsk er eit føremon.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 3 år og inneber ikkje undervisningsplikt. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 54 (st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit følgjebrev med kort oversikt over søkaren sin kompetanse og motivasjon
  • Eit motivasjonsbrev (3-4 sider) som beskriv søkaren si relevante kompetanse, og korleis denne er tenkt brukt til å utvikle og utføre prosjektet. Dette bør inkludera både teoretisk og metodologisk kompetanse. Brevet bør også innehalda konkrete planar for å operasjonalisera MUCS-prosjektet i eit doktorgradsprosjekt.
  • Namn og kontaktinformasjon på to referansepersonar. Ein av desse bør vere rettleiar for masteroppgåva.
  • CV, inkludert eventuelle publikasjonar
  • Karakterutskriftar og diplom som visar fullføring av gradar, og relevante attestar.
  • Akademiske publikasjonar som søkaren vil legge ved til vurdering, inkludert masteroppgåva.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Håvard Haarstad (samfunnsgeografi, potensiell veileder), e-post: [email protected], tlf.: +47 55 58 45 81 eller
  • Professor Brita Ytre-Arne (medievitenskap og prosjekleder), e-post: [email protected], tlf.: +47 55 58 41 14

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Bodil Hægland, e-post: [email protected]

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: [email protected]

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS