LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Tverrfagleg ph.d.-stipendiatstilling - Konsekvensar av bresmelting for samfunnet

Søknadsfrist: 31.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for geovitskap , Institutt for samanliknande politikk og Bjerknessenteret er det ledig ei ph.d.-stipendiat stilling i bremodellering der målet er å sjå på konsekvensane for samfunnet av smeltande brear. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert gjennom UiB si satsing på Klima og energiomstilling.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

I kampen for å avgrensa globale klimaendringar kryssa EU i 2020 ein milepåle då fornybar energiproduksjon blei større enn den basert på fossile energikjelder. Dette er eit viktig steg på vegen mot det erklærte målet om at EU skal bli karbonnøytralt innan 2050. Veksten i fornybar energiproduksjon er i hovudsak basert på ustabile kjelder som vind- og solenergi som krev lagringskapasitet dersom dei skal vere stabile energikjelder. Vasskraft med magasinlagring er den einaste effektive storskala kraftproduksjonen i dag, og Noreg har det klart største ekspansjonspotensialet i Europa. Spørsmålet er om Noreg kan tene som Europas «grøne batteri»?

Eit like relevant spørsmål er: Ynskjer Noreg å fylle denne rolla når Europa no flyttar grenser for fornybar energiproduksjon? På nasjonalt nivå er svaret ja, med berekraftig utvikling som prioritet og som eit definerande element i internasjonale relasjonar. Til dømesnår det gjeld "klimaendringar og tryggleik", eit temaområde for Noregs medlemskap i FNs tryggleiksråd i 2021-2022. Planane om å utnytte naturressursane møter motstand på regionalt nivå. Den politiske viljen til å lage nye demningar er avgrensa og vil truleg møte ein like negativ reaksjon som den pågåande debatten kring utvidinga av vindkraft både til lands og til havs.

I dette prosjektet vil ein undersøkje dei fysiske og samfunnsmessige tolegrensene for vasskraftproduksjon på Vestlandet inn i det neste hundreåret. Folgefonna vil verte nytta som casestudie då det er her allereie utbygd vasskraftproduksjon med lagringskapasitet. Vi skal nytte eit nyleg publisert sub-glasialt kart av landskapet under breen som utgangspunkt for bremodellering. Målet er å kunne gje nøyaktige estimat for framtidig vasskraftproduksjon på Folgefonnhalvøya, inkludert bruk av pumpekraftverk. Framtidsscenarioa vil verte nytta for å kartleggje tolegrensene for nye store infrastrukturprosjekt gjennom dialog med aktørar og politiske meiningsbærarar. Denne delen vil bli utført i nært samarbeid med statsvitarar som vil gjev naudsynt rettleiing for å gjennomføre denne delen av prosjektet. Rettleiarane har allereie eit omfattande nettverk i kraftindustrien, på ulike nivå i forvaltinga og i ein europeisk tenketank i Berlin.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i glasiologi, fysikk, anvendt matematikk, meteorologi eller nærliggande fagfelt, og ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Stillinga krev interesse for tverrfagleg arbeid både innan naturvitskaplege tema og i samfunnsvitskaplege tema.
  • Tidlegare erfaring med vitskapeleg programmering i FORTRAN, Python, Matlab eller liknande er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiatSamla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Andreas Born (andreas.born@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS