LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i romfysikk

Søknadsfrist: 24.05.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Ph.d.-stipendiat i romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i romfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert gjennom prosjektet ENLIGHTEN – ExploriNg Lightning Initiation and Gamma-ray High-energy emission in Thunderstorm Environments, eit Advanced Grant finansiert av European Research Council (ERC) under Horizon Europe‑programmet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Toreskyer er dei mest energirike naturlege partikkelakseleratorane på jorda. Dei er i stand til å akselerere partiklar til relativistiske energiar og produsere gammastråling på ulike tidsskalaer, frå under millisekund til titals sekund og meir. I 2023 leia gruppa vår ALOFT- flykampanjen, som resulterte i banebrytande funn som flytta forskingsfronten vesentleg. ALOFT viste at tropiske toreskyer bokstaveleg talt gløder i gammastrålar i fleire timar og over tusenvis av kvadratkilometer, med tidsvariasjonar som utfordrar forståinga vår. I tillegg er nye «flimrande» gammastrålefenomen oppdaga, samt ein stor populasjon av svake gammastråleutbrot. ENLIGHTEN-prosjektet byggjer på dette solide grunnlaget for å utforske samanhengen mellom høgenergetisk stråling og lyninitiering – eitt av dei mest sentrale uløyste problema innan atmosfærisk elektrisitet. ENLIGHTEN vil ta fatt på dette vitskaplege arbeidet gjennom ein ny flykampanje med eit innovativt sett av instrument. Flykampanjen vil nytte eit forskingsfly frå NASA som flyr over toreskyene i Mexicogolfen, og er førebels planlagt til sommaren 2028. Gjennom dette prosjektet utviklar gruppa vår eit nyskapande luftbore gammastrålekamera som kan lokalisere og avbilde gammastrålekjelder i toreskyer for å identifisere posisjon, romleg utstrekking og tidsutvikling – alle storleikar som framleis er ukjende. Oppdagingspotensialet er enormt!

Den vellukka kandidaten vil bidra til konstruksjon, kalibrering og testing av gammastrålekameraet, samt utvikling av programvare for bildehandsaming. Det er òg venta eit betydeleg bidrag til operasjonane av detektoren under flykampanjen og den påfølgjande dataanalysen. Vi ventar at resultata vil bli publiserte i vitskaplege tidsskrift på høgaste nivå og presenterte på prestisjetunge internasjonale konferansar.

Kandidaten vil bli ein del av romfysikkgruppa ved Institutt for fysikk og teknologi og vil utføre arbeidet under rettleiing av professor og prosjektleiar Martino Marisaldi. Teamet har eit sterkt internasjonalt omdømme og eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar i Europa og USA.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ein mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamenen før 01.08.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert erfaring med, eller kompetanse innan, strålingsdetektorar (design, konstruksjon, operasjon eller dataanalyse) er eit krav.
  • Dokumentert generell kunnskap om det nære verdsrommet, atmosfærisk fysikk eller lynfysikk er eit krav.
  • Generell kunnskap om programmeringsspråk retta mot vitskapleg dataanalyse og visualisering er eit krav.
  • Dokumentert arbeid knytt til kalibrering av gammastråledetektorar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat:

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil eitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik svare til 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Martino Marisaldi, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, e-post: martino.marisaldi@uib.no, eller instituttleiar Kjetil Ullaland, e-post: kjetil.ullaland@uib.no.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Martino Marisaldi (professor), martino.marisaldi@uib.no
  • Kjetil Ullaland (instituttleiar), kjetil.ullaland@uib.no
Powered by Labrador CMS