LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i multidisiplinære geofarestudiar

Søknadsfrist: 09.08.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Stipendiat

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i multidisiplinære geofarestudiar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-prosjektet vil vere knytt til EPOS-Norge – Forskingsinfrastruktur for geofarer (EPOS-NG). EPOS-NG har som mål å etablere den leiande nasjonale forskingsinfrastrukturen for overvaking, analyse og risikoreduserande arbeid knytt til geofar som skred, tsunamiar, jordskjelv og fare knytt til kryosfæren, truslar som i aukande grad vert forsterka av klimaendringane. Forskingsinfrastrukturen vil kombinere tilgong til vitskaplege måleinstrument med ein dataportal som gjev tilgang til ei rekkje geovitskaplege data, i tillegg til tenester for berekningar og visualisering.

Ph.d.-prosjektet vil nytte EPOS-NG-infrastrukturen i multidisiplinære studiar av geofarar i Noreg. Dei konkrete forskingsmåla for prosjektet vil verte utvikla i samarbeid med den tilsette kandidaten, avhengig av kompetanse og faglege interesser. Moglege tema som kan utforskast, omfattar:

  • Faktorar som påverkar skredfare og utløysingsmekanismar for skred i Noreg.

  • Systematisk kartlegging og vurdering av samanhengande naturfarehendingar (kaskadehendingar) i Noreg.

  • Magnitudar til historiske jordskjelv i Noreg og deira potensial for å utløyse skred.

  • Paleoskred i Noreg og samanhengen mellom desse og jordskjelv eller andre utløysingsmekanismar.

  • Geofysisk overvaking av farar knytte til brear og permafrost i høge breiddegrader.

Den tilsette kandidaten vil vere ein del av EPOS-NG-teamet og må rekne med å samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar innanfor EPOS-rammeverket. Som ein del av prosjektet vil kandidaten og bidra til utvikling og testing av instrumentpoolar eller portalfunksjonalitetar i EPOS-NG, samt delta i forskingsformidling og utadretta aktivitetar knytte til geofarar.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Krav til kvalifikasjoner

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitenskap, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 

  • Kompetanse innan vitskapleg programmering (til dømes Python eller MATLAB), datahandtering og/eller GIS.

  • Kompetanse innan éin eller fleire typar naturfarar (til dømes skred, jordskjelv, tsunamiar eller farar knytte til kryosfæren).

  • Søkjarar må ha gode ferdigheiter i engelsk, både skriftleg og munnleg.

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og kunne dokumentere gode samarbeidsevner.

Ønskjelege kvalifikasjonar (fordelar)

  • Erfaring med fare- eller risikovurdering knytt til naturfarar.

  • Erfaring frå multidisiplinært arbeid eller samarbeid på tvers av vitskaplege fagområde.

  • Erfaring med vitskapleg dataanalyse.

  • Kjennskap til dataforvaltning, datavisualisering eller nettbaserte portalløysingar.

  • Ferdigheiter i norsk, med relevans for kommunikasjon med forvaltning og beslutningstakarar og formidling til allmenta.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø

  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen din for å søkje stillinga.

  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.

  • ein kort forskingsplan (1–2 sider) som skisserer forskinga du ønskjer å gjennomføre, inkludert korleis ho tek i bruk EPOS-NG-infrastrukturen.

  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. 

  • relevante attestar

  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader som ikkje inneheld all den etterspurde dokumentasjonen, vil ikkje bli vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Mathilde B. Sørensen, Institutt for geovitenskap, tel: +47 55583426, epost: mathilde.sorensen@uib.no.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

 Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Mathilde Bøttger Sørensen (Professor), +47 55583426, Mathilde.Sorensen@uib.no

Powered by Labrador CMS