LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i makroøkologi og effektar av globale endringar på alpin biogeografi og biologisk mangfald

Søknadsfrist: 15.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Det er ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i forskingsgruppa Ecological and Environmental Change Research Group ved Institutt for biovitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til eit UiB-prosjekt finansiert av Trond Mohn Stiftelse kalla Past, Present, and Future of Alpine Biomes Worldwide (PPF-Alpine).

Tentativ startdato er 1. januar 2023.

Intervju gjennomførast i starten av oktober.

Ver merksam på at PPF-Alpine også har ei anna ledig stilling som ph.d.-stipendiat, se her.

Om PPF-Alpine og arbeidsoppgåver

Alpine biomar finst på alle kontinent og på alle breiddegrader over heile verda. Dei alpine områda har eit stort biologisk mangfald; dei har ei viktig rolle i vasstilførsel og klimaregulering, og er viktig for levebrødet og velværet til milliardar av menneske. Det biologiske mangfaldet vi ser i alpine biomar er prega av ei dynamisk fortid. I løpet av dei kvartære istidssyklusane har dei alpine områda gjennomgått fleire ekspansjonar og samantrekningar, noko har resultert i tilbakevendande episodar med fragmentering og samanføring av områder. Dette har sannsynlegvis forma det biologiske mangfaldet og mønsteret som vi ser i dag i og mellom ulike fjellområde. Hovudmålet med PPF-Alpine er å undersøkje kva rolle det dynamiske klimaet gjennom kvartærtida har spelt for dagens biologiske mangfald i dei alpine områda, basert på presumpsjonen om at klimaets dynamiske fortid inneheld viktig kunnskap om korleis det biologiske mangfaldet i fjellet vil respondere på framtidige klimaendringar.

Kandidaten skal gjennomføre analysar av observert biologisk mangfald i alpine biomar på tvers av ulike skalaer og taksonomiske grupper. Ei nøkkeloppgåve er innsamling, harmonisering og vurdering av store datasett med biologisk mangfald, samt integrering av data frå ulike biologiske, klimatiske og geologiske faktorar frå ulike kjelder. Kandidaten skal analysere effekten av potensielle potensielle drivarar for dagens alpine biologiske mangfald knytt til kvartære klimasvingingar og biogeografiske prosessar. Resultata er venta å gje viktig innsikt i det alpine biomet si motstandskraft mot framtidige klimaendringar, og å identifisere prioriterte regionar for bevaring.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i biologi, økologi, biogeografi eller anna relevant fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører endeleg mastereksamen før 15. oktober 2022. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Sterk interesse for biogeografi, makroøkologi og global endringsbiologi i fjell er eit krav
  • Søkjarar må ha gode ferdigheiter i statistikk og koding i R, og kunne handtere store økologiske datasett i R

Ein eller fleire av følgande kvalifikasjonar vil vere ein føremon:

  • Motivasjon og noko erfaring i å gjennomføre integrerande analyser som kombinerer data og tilnærmingar frå ulike fagområde, som makroøkologi, geologi, paleoøkologi og landskapsøkologi
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt knytt til handtering og harmonisering av taksonomiske og fylogenetiske artslistar vil telle positivt og bli vektlagt
  • Søkjarar må ha gode kommunikasjonsevner, trivast i teamarbeid og vere open for oppsøkjande aktivitetar og presentasjonar i løpet av prosjektet.
  • Søkjarar må like å jobbe i eit tverrfagleg team og spesielt i grensesnittet mellom biologiske og geologiske system på tvers av ulike tidsskalaer. Team- og prosjektmøter vil ofte bestå av forskarar med ulik kompetanse og bakgrunn, i tillegg til ekspertfokuserte møter. Eit slikt miljø må appellere til deg.

Ver merksam på at søkjarar sjeldan oppfyller alle kvalifikasjonane som er oppgitt å vere ein føremon. Vi oppmodar likevel motiverte kandidatar til å søkje, då vi verdset personlege og relasjonelle eigeskapar.

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit positivt, inkluderande, tverrfagleg og fagleg stimulerande arbeidsmiljø med store høve til samarbeid i eit nettverk av høgprofilerte forskarar, samt vitskapeleg utveksling under workshops, konferansar og liknande.
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 501 200. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens Pensjonskasse.
  • tilknyting til Institutt for biovitskap og Bjerknessenteret for klimaforsking, og tilknytte forskingsgrupper med sterke arbeidsforbindingar til Institutt for geovitskap.
  • høve for tre månaders opphald ved instituttet til ein valfri prosjektpartnar.
  • høve til feltarbeidsbesøk for modellvalideringar og besøk til partnarinstitutt.
  • høve til å presentere og utvikle eigne idear.
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. (Kvifor vil du ta doktorgrad? Kvifor denne? Kvifor i denne gruppa?)
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål som viser fullført bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15. oktober 2022.
  • relevante attestar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet).
  • ei komplett liste over vitskapeleg arbeid.
  • eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS