LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i geokjemi

Søknadsfrist: 06..03.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Stipendiat

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i geokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av InFluSe-prosjektet (Integrated study of Fluid Migration and Seepage in the Southern Norwegian North Sea - Implications for hydrocarbons, environment, and CO2 storage) som er støtta av Norges Forskningsråd, DNO, Equinor og AkerBP.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I den sørlege norske delen av Nordsjøen er det gjort mange observasjonar som gjev prov for storskala migrasjon av hydrokarbon og naturleg lekkasje. Dette inkluderer observasjonar av oljeflak frå satellitt-basert syntetisk apertur-radar, observasjonar av gassbobler frå multistråle-ekkolodd, og observasjonar av lekkasje under dykk med miniubåt. Det har førebels ikkje vore gjort nokon systematiske forsøk på å skape ei heilskapleg forståing av dette hydrokarbon-systemet frå kjelde til lekkasje, noko som er uheldig sidan forståinga av kjeldebergart, migrasjonsvegar, mekanismar for gjennomtrenging av forseglingar, distribusjon av oppkomme og lekkasjeratar har viktige implikasjonar for miljøet, klimaet, hydrokarbonleiting og integriteten til CO2-lagringsstader.

I InFluSe-prosjektet skal eit tverrfagleg lag, beståande av seniorforskarar og fire ulike doktorgradsstipendiatar, undersøkje kjelde-til-lekkasje-systemet i den sørlege norske delen av Nordsjøen gjennom analysar av nye og eksisterande data frå fire ulike perspektiv: 1) fjernmåling og geomatikk; 2) undergrunnsdata (seismikk, borehols- og kjernedata) og sedimentære system; 3) geofysikk og nær-overflategeologi; og 4) geokjemi og geobiologi. Denne utlysinga gjeld stilling 4, som handlar om å forstå danning, migrasjon, biodegradering, ratar og miljøpåverknad knytt til oppkomme av hydrokarbon i SNNS-systemet for migrasjon frå kjelde til oppkomme. Samarbeid og datadeling mellom dei ulike ph.d.-stipendiatane i prosjektet er svært viktig, og gode relasjonelle ferdigheiter og evne til teamarbeid er sentrale.

Analysearbeidet vil bli støtta av ei rekkje vitskaplege tokt for å samle inn nye data frå SNNS-området. Konkret skal kandidaten analysere nye og eksisterande hydrokarbonprøver frå undergrunnsmateriale og brønnar, delta på eit tokt til SNNS-området med ROV-dykk for å samle inn nye prøver av utsigande fluid på havbotnen og eventuelt frå oljeflak på havoverflata, analysere kjerne­data frå oppkomekasjonar, samt analysere ROV-data frå utsigslokasjonar (inkludert videotransekt). Det vil òg bli undersøkt moglegheita for å nytte mikrobielle biosignaturar til å identifisere område med tidlegare og pågåande hydrokarbonoppkomme, gjennom utvikling av nye maskinlæringsmodellar i samarbeid med forskingsgruppa. Kandidaten vil få tilgang til toktdata, seismiske tolkingar, undergrunnsdata og fjernmålte data frå prosjektet for å avgrense og underbyggje tolkingar og modellar. Resultata vil bli publiserte i om lag tre fagfellevurderte artiklar i internasjonale tidsskrift, som vil danne grunnlaget for ei doktorgradsavhandling.

Kandidaten vil få høve til å delta på relevante vitskaplege tokt innanfor prosjektet, delta på relevante sommarskular, inkludert eitt med fokus på hydrokarbonutsig i Nordsjøen, delta på internasjonale vitskaplege konferansar, og delta på geologiske feltkurs. Kandidaten vil samarbeide med partnarar frå industri og offentleg forvaltning, og slik få verdifull erfaring og eksponering med tanke på vidare karriereutvikling.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i organisk geokjemi og-/eller geomikrobiologi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 05.07.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå mikrobiologi er ein fordel.
  • Erfaring frå petroleumsgeologi er ein fordel.
  • Erfaring frå reaksjonsratemodellering er ein fordel. 
  • Erfaring frå vitskaplege tokt er ein fordel.
  • Søkjarar må vere villige og i stand til å delta på vitskaplege tokt.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. 

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse. 
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. 
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
  • eventuell liste over eventuelle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Christian Haug Eide, Institutt for geovitskap, christian.eide@uib.no /+47 55583393 eller førsteamanuensis Steffen Leth Jørgensen, Institutt for geovitskap, Steffen.Jørgensen@uib.no / +47 55583860.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Mathilde Høgalmen, Mathilde.hogalmen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Christian Haug Eide (Professor), +4755583393, christian.eide@uib.no
  • Steffen Leth Jørgensen (Førsteamanuensis), +47 55583860, Steffen.Jørgensen@uib.no
Powered by Labrador CMS