Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i fysikalsk kjemi for farmasi
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fysikalsk kjemi for farmasi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Målet med prosjektet er å utvikle eit nytt lipid--nanopartikkel (LNP) system for levering av motsett ladde oligonukleotid og lipid-NP’ar til aktuelle organ i kroppen. Mange kationiske og ioniserbare lipid har blitt utvikla med tanke på bruk innan oligonukleotid-levering dei siste ti-åra.
Litteraturen viser til ein direkte samanheng mellom strukturen til lipidet og leveringseffektiviteten og tolerabiliteten til nanopartiklar som lipidet gir opphav til. For å realisere potensialet til DNA/RNA-terapiar, vil vi designe nye lipidstrukturar og LNP-system med auka leveringseffektivitet og som samstundes har ein metabolsk og toksisitets-profil som tillét kronisk dosering.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi og farmasi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring i kolloidal kjemi er ein føremon.
Forskingserfaring i utvikling av farmasøytiske formuleringar er ein føremon.
Forskingserfaring innan vekselverknad mellom overflateaktive stoff og polymerar er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Det er ønskeleg med gode ferdigheiter i eit av dei skandinaviske språka.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
Sterk kapasitet innan feilsøking og utvikling av avansert farmasøytisk formulering
Universitetet i Bergen er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 501 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, inkludert eit kort forskingsforslag
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.