Ph.d.- stipendiat i biostatistikk og antimikrobiell resistens
Søknadsfrist: 16.05.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i biostatistikk og antimikrobiell resistens
Ved Matematisk Institutt (med tilknyting til Computational Biology Unit) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i biostatistikk. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.
Stillinga er knytt til Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Antimikrobiell resistens (AMR) er ein global trugsel, ettersom sjukdomsframkallande bakteriar utviklar motstand mot antibiotika. Dersom vi kan lære korleis denne utviklinga går føre seg blir vi betre utrusta til å designe behandlingar og strategiar for å motarbeide desse sjukdomane. Store mengder genetiske data fins på verdsomfattande AMR i forskjellige bakteriar, og samarbeidspartnarane våre produserer meir, men matematiske og statistiske tilnærmingar for å tileigne kunnskap om evolusjonær framferd frå desse dataene er avgrensa.
Forskingsgruppa vår har nyleg utvikla fleire tilnærmingar for å utleie evolusjonær dynamikk frå mangfaldig data, som vellykka har vært nytta til å svare biologiske og medisinske spørsmål. I dette prosjektet vil vi tilpasse, utvikle og nytte desse tilnærmingane på ny og eksisterande data for å undersøkje korleis AMR utviklar seg. Verdsomspennande samanlikningar og bruksområder er eit nykelaspekt ved prosjektet: Vi vil utvikle tilnærmingar som kan nyttast av alle, kvar som helst, for å betre kliniske strategiar gitt avgrensa observasjonar. Biologisk erfaring er ikkje eit krav (kandidaten vil få opplæring), men sterk iver for å jobbe med biologi og bio/medisinske samarbeidspartnarar er særs viktig.
Kandidaten vil i tillegg til forskinga få pedagogisk trening ved å undervise på statistiske emne ved instituttet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i statistikk, anvendt matematikk, eller tilsvarande fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå biologisk modellering og/eller arbeid med biologiske data er ein føremon.
Søkjarar må kunne hjelpe til med statistikkundervisninga på instituttet. Undervisningserfaring er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande:
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
eventuelle publikasjonar i ditt namn.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Iain Johnston, Matematisk institutt, iain.johnston@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.