LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i anvend økologi

Søknadsfrist: 15.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som ph.d. stipendiat i anvend økologi. Stillinga er knytt til UNESCO Chair ved UiB innan «Berekraftig arv og miljøforvalting – natur og kultur». Stillinga er knytt til prosjektet “Aktivering av lokale ressursar; regionalt samarbeid for bærekraftig arealbruk ”(BIOSPHERE), finansiert av Forskningsrådet. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d-.kandidaten vil jobbe på det nyleg NFR-finansierte prosjektet BIOSPHERE der det sentrale målet er å betre vår forståing av samanhengen mellom arealbruk, miljøkvalitet, biologisk mangfald og økosystemtenester over tid i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde. BIOSPHERE-prosjektet representerer eit partnarskap mellom internasjonale forskarar, regionale aktørar og Alver kommune. Dette tverrfaglege teamet vil kartleggje, analysere, generere og teste ny kunnskap og løysningar for berekraftig arealbruk i lokal skala i tråd med behova til befolkninga i Nordhordland. Menneskeleg arealbruk har resultert i utbreidd førekomst av såkalla ‘temma økosystem’ eller sosialøkologiske system (SES). I Antropocen genererast ikkje økosystemtenester av økosystema aleine, men av disse SES. Endringar i arealbruk, for eksempel urbaniseringsfrekvensar og mønstre, endringar i jordbruk, husdyrbeite, skogbruk, rekreasjon og turisme, er resultat av menneskeleg påverknad. Arealbruk påverkar i sin tur naturressursar, kulturmiljø og sosial utvikling, og skapar komplekse interaksjonar som heile tida endrast. Berekraft-vitskap (sustainability science) er ein problemdrive disiplin som, i likskap med UNESCOs MAB - program, skalerer ned fokuset for å involvere menneske der dei faktisk bur og handlar. Kandidaten vil analysere hastigheita og retninga på endring av arealbruk, naturens fordeler for menneske og landskaps-multifunksjonalitet ved å reanalysere prøvetakingssteder opphaveleg registrert i Lindås-prosjektet (1971-76). Re-sampling og analyser vil bli utført i samarbeid med UNESCO-Chair teamet med ekspertar innan økologi, geografi, filosofi og samfunnsvitskap.

Stipendiaten vil

  • Re-analysere kjerneområdane i Lindås-prosjektet (vegetasjon og jord) og legge til fleire faunagrupper (leddyr og/eller fugl) i prøvetakingsprotokollen. Gjennomføre feltarbeid i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde, og mogleg andre steder.
  • Analysere endring av arealbruk og tilhøyrande jordkjemiske endringar, spesielt for vegetasjonsdekke og jordkarbon, i regionen over dei siste 50 åra.
  • Utvikle eigne forskingsspørsmål og hypotesar knytt til sosialøkologiske system, arealbruk og berekraftig utvikling.
  • Utvikle framtidige scenarier ved å modellere økosystemendringar basert på Lindås-prosjektet, for å utforske potensielle truslar/løysningar for berekraftig arealbruk.
  • Analysere data og skrive og publisere forskingsartiklar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan økologi, zoologi, botanikk, geografi, eller relaterte relevante fag, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha ein bakgrunn som gir god forståing av økologi, sosialøkologiske system, naturressursforvaltning, sosialøkologisk resiliens og FNs agenda for berekraftig utvikling.
  • Søkjarar må ha erfaring i økologiske feltstudiar.
  • Søkjarar må ha relevant statistisk eller/og programmeringsbakgrunn.
  • Søkjarar må kunne tenke og skrive kritisk og sjølvstendig.
  • Erfaring med tverrfagleg arbeid og «citizen science», og erfaring med identifisering av planteartar, jordvitskap eller leddyridentifikasjon er ein føremon.
  • Forsking er ein gruppeinnsats, og alle medlemmar må vere forberedt på å bidra til felles aspekt av feltarbeid, meta-analysar, analysearbeid, søknadskriving og diskusjonar, og hjelpe andre med liknande oppgåver i tillegg til å jobbe med eige forskingsprosjekt.
  • Søkjarar må ha gode kommunikasjonsferdigheiter og like samarbeid som del av eit svært integrert team.
  • Søkjarar må vise høgt nivå i både skriftleg og munnleg engelsk, og ha engelskkunnskapar gode nok for publisering. Gode norskkunnskapar (evt. anna skandinavisk språk) er ein føremon.
  • Søkjarar må vise evne og entusiasme for å jobbe i ei interkulturell og tverrfagleg gruppe.
  • Førarkort gyldig i Noreg er ein føremon.Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25% over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit spennande og profesjonelt utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen (maksimalt 2 sider) for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå mastergåva eller tilsvarande oppgåve.
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • eventuelle publikasjonar i ditt namn, inkludert masteroppgåva og innsendte manuskript.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Inger Elisabeth Måren, Institutt for biovitskap (inger.maaren@uib.no / +47 412 85 126)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Les meir om tilsettingsprosessen.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS