LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Phd- stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

Søknadsfrist: 01.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for geovitenskap (GEO) på Universitet i Bergen (UiB) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til det Trond Mohn Stiftelses finansierte PASTFACT prosjektet.

Om prosjektet

PASTFACT undersøkjer dei usikre og motverkande innverknadene av pågåande oppvarming og hydrologiske endringar på brear og iskapper i Arktis. Ved hjelp av sedimentarkiva frå innsjøar i strategisk plasserte feltområder i Svalbard og om mogleg Grønland skal prosjektet rekonstruere paleoklimaet i tidleg Holocen – ei tidsepoke kor Arktis sannsynlegvis var varmare enn i dag. For å kunne gjere dette vil PASTFACT bruke eit sett med nye sedimentologiske og geokjemiske metodar, som til dømes hydrogenisotopar i sedimentære bladvoksar, for å vurdere sesongmessigefaktorar og temperaturkjensle av hydrologiske intensiveringar under varmare-enn-nåverande forhold. Dette vil bli brukt til å avgjera om auke i snøfall kan motvirke issmelting.

Om arbeidsoppgåver

Det utlyste ph.d.-prosjektet vil undersøkje den romlege og tidsmessige verknaden av Arktiske brear og iskappene på varmare og våtare forhold i tidleg Holocen: kan endringar i snøfall bidra til å kompensere for smelting eller forårsake breutvikling?

For å gjere det vil kandidaten studere sedimentologiske fingeravtrykk i sedimenter frå innsjøar som blir fylt av smeltevatn frå breane ved hjelp av X-Ray Fluorescence og CT skanning i EARTHLAB ved Institutt for geovitenskap, og utfylle disse dataa med nye remote sensing metodar for å bestemme tidlegare bredimensjonar. Andre moglege retningar for prosjektet (avhengig av kandidatens interesser og ferdigheiter) inkluderer massebalansemodellering eller krypto-tefra analyser.

Kandidaten som får stillinga skal utføre forskingsaktivitetar samen med både lokale og internasjonale samarbeidspartnarar, som til dømes Universitetet i Cambridge, Columbia Universitetet, GFZ, Universitetet i København og Norges Arktiske Universitetet i Tromsø. Ved Institutt for geovitenskap vil du også vere knytt til Bjerknessenteret for klimaforsking og den nasjonale forskerskolen CHESS om klimaendringar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha mastergrad eller tilsvarande utdanning i kvartærgeologi, naturgeografi eller liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Affinitet med paleoklima forsking på Holocen sedimentarkiver frå Arktis er ein stor føremon.
  • Demonstrert erfaring med å generere paleomiljø data er eit krav, spesielt metodar relevant til innsjøsedimenter som til dømes X-Ray Fluorescence (XRF) skanning, tefra ekstraksjon, visualisering av CT-data eller kornstørrelse analyse er eit krav.
  • Erfaring med statistikk-, geomatikk- og visualiseringsprogramvare som til dømes Excel, Stata, ArcGIS, Illustrator, Grapher eller R er eit krav.
  • Programmeringsferdigheiter er ein føremon.
  • Søkjarane må vere dyktig i både skriftleg og munnleg engelsk, vere i stand til å jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte, og i stand til å kommunisere og samarbeide i ein stor gruppe. Vi søkjer ein ambisiøs lagspiller.
  • Søkjarane må være villige og i stand til å jobbe i ein internasjonal gruppe, delta i feltekspedisjonar og vere på månadslange forskingsopphald hos samarbeidspartnarar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt internasjonalt fagmiljø
  • Toppmoderne analytiske fasiliteter
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 491 200,- brutto.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort (maks 2 sider) utgreiing om søkjaren sine forskingsinteressar, motivasjonen for å søkje denne stillinga, og korleis søkjaren vil bidra til prosjektet.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV (maks 4 sider).
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • Publikasjoner (inkludert en kopi av masteroppgave).
  • Relevante attestar.
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskaper (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan frist. Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forsker Willem van der Bilt, e-post: willemvanderbilt@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS