LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Risograf (overingeniør)

Søknadsfrist: 28.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Risograf (overingeniør)

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei 20 % fast stilling som overingeniør innan fagområdet design/risograf.

Stillinga vil inngå i eit kollegium på KMD i Seksjon for verkstader og tekniske tenester som i dag har verkstadar innan fagfelta grafikk, tre og metall, fotografi, keramikk, tekstil og digitale verkstadar. Primær arbeidsstad for stillinga er keramikkverkstaden som ligg i fakultetet sine lokalar i Møllendalsveien. Stillinga rapporterer til verkstadleiar/seksjonsleiar under fakultetsdirektøren.

Arbeidsoppgåver:

Overingeniøren har ansvar for drift, vedlikehald og organisering av risografverkstad, samt utsal av materialar.

Overingeniøren skal i samarbeid med kunstnarleg/vitskapleg stab legge til rette for høg kvalitet i utdanningstilbodet til studentane, samt forsking, ved fakultetet.

I stillinga inngår drift og ansvar for utstyr og fasilitetar på fakultetets risografverkstad, medrekna:

  • Drift, vedlikehald og organisering av verkstaden
  • Innkjøp og sal av materialar og utstyr
  • Bidra til utvikling og oppgradering av risograf i samarbeid med professorar, fagstab og verkstadleiar
  • Planlegge og strukturere tilgang på verkstaden i samarbeid med fagstab på institutta, samt undervisning av større grupper
  • Organisere og gjennomføre grunnleggende riso-innføring med studenter i gruppe
  • Individuell veiledning og opplæring for studenter i risotrykk. Dette kan inneholde alt fra opplæring i trykkeformater, bruk av Adobe Photoshop, InDesign og Illustrator relatert til risotrykking, fargeseparering, pre-press; innføring i utskytning og planlegging av bok- og publiseringsprosjekt, innføring i relevant programvare. Veiledning i papir-, materialbruk og bruk av mindre maskiner og håndverktøy relatert til publiseringsprosjekt.
  • Veiledning og opplæring av fagstab ved ønsker om bruk av risograf i KU-prosjekt og i kurs for studenter

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkar må ha utdanning på minimum bachelorgradsnivå innan relevant fagområde. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensera for manglande formell utdanning.
  • Søkar må ha dokumentert erfaring med teknikkar knytt til risograf
  • Søkar bør ha erfaring med drift av verkstad og kunnskap om bruk og vedlikehald av verktøy og teknisk utstyr i gjeldande verkstad
  • Det er ein fordel å kjenne risomiljøet nasjonalt og internasjonalt
  • Det er ein fordel med erfaring frå opplæring/undervisning
  • Søkar bør ha god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk/skandinavisk og engelsk
  • God administrativ IT-kompetanse og generell kompetanse i data

Personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt, omgjengeleg, og fleksibel
  • Evne til å arbeida effektivt, systematisk, nøyaktig og ryddig
  • Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig
  • Kvalitetsbevisst og resultatorientert
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53 - 58 (for tida kr 493 700 - 534 900 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søker og kvifor du passar til stillinga
  • CV
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Heine Bringe, e-post: heine.bringe@uib.no, mobil: (+47) 92454144

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS