LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Produksjonsleiar ved Avdeling for forskingskommunikasjon og formidling

Søknadsfrist: 23.01.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her 

Produksjonsleiar ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for forskingskommunikasjon og formidling

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Produksjonsleiar (overingeniør)

Universitetsmuseet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 155 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. I 2025 feirar Universitetsmuseet 200 år og vil i tida framover produsere ei rekke utstillingar i det freda museumsbygget Muséplassen 3. Nærare informasjon om museet finn ein her.

Ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig ei 100% stilling som produksjonsleiar (overingeniør) ved Avdeling for forskingskommunikasjon og formidling, med tiltreding snarast. Produksjonsleiar er ansvarleg for og koordinerer det tekniske arbeidet med å oppfylle fysiske krav og utrykk i nye utstillingsproduksjonar, samt held ved like og driftar museets eksisterande utstillingar.

Universitetsmuseet er ein del av Universitetet i Bergen og ein viktig møteplass mellom akademia og samfunn. Gjennom ulike formidlingsformat og utstillingar kommuniserer Avdeling for forskingskommunikasjon og formidling forsking og forvaltinga ved Universitetsmuseet og Universitetet i Bergen. Det er ei viktig oppgåve å inkludere studentar ved UiB i dette arbeidet.

Utstillingsproduksjonar ved Universitetsmuseet vert organiserte som prosjekt der produksjonsleiar inngår i prosjektgruppene. Produksjonsleiar er ansvarleg for teknisk planlegging, koordinering og monteringsarbeid, og for tilrettelegging for universell utforming, og sikkerheit for publikum, bygg og for objekt. Produksjonsleiar handsamar teknisk dokumentasjon og bilag til innkjøp, drift og vedlikehald av teknisk utstyr til utstillingar.

Produksjonsleiar har arbeidsleiing for museets utstillingsteknikar, og er IT-avdelinga, Eigedomsavdelinga (EIA) og Avdeling for samlingsforvaltning sin tekniske kontaktperson. Opplæring og rettleiing av tilsette vil til tider inngå som ei arbeidsoppgåve, og det er en føresetnad med god forståing for HMS, dokumentasjon og rutinar. Produksjonsleiar rapporterer til avdelingsleiar, samt prosjektleiar for ulike produksjonar etter avtale. Personalansvar ligg hjå avdelingsleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsleiing og fagleg oppfølging av tekniske team
  • Teknisk og praktisk tilrettelegging, framdrift og montering og demontering av utstillingar
  • Delta i museets utstillingsprosjekt og bidra til utforminga av utstillingar, med særskilt ansvar for den tekniske og praktiske utføringa av utstillinga sitt fysiske uttrykk, inkludert lyssetjing og andre verkemiddel
  • Montering av gjenstandsmateriale/objekt i samarbeid med konservator
  • Kvalitetssikre at anskaffingar og monteringar av utstillingar og installasjonar samsvarer med budsjett og krav til offentlege regelverk derunder krav til universell utforming, HMS og krav frå vernemyndigheitene knytt til freda museumsbygg, samt utvikle og ivareta dokumentasjon av tenester og rutinar
  • Vere kontaktperson i spørsmål som gjeld teknisk drift av infrastrukturen i museumsbygget
  • Ansvarleg for vedlikehald og drift av basisutstillingar og publikumsareal i museumsbygga og handtering av eventuelle avvik i utstillingar og bygg på tilfredsstillande måtar
  • Andre oppgåver etter avtale med nærmaste leiar

Parallelle produksjonar, noko ukurant arbeidstid, også i helger, må påreknast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø. Det kan bli gjort endringar i ansvarsområde og arbeidsoppgåver. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer ein nevenyttig, kreativ, venleg, kvalitetsbevisst og nøyaktig person med eit heilskapleg blikk for utstillingsproduksjon frå konseptfase til realisering. Vedkommande må vere fleksibel og løysingsorientert og ha evne til å arbeide godt, både i team og sjølvstendig. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Personen vi søkjer må ha:

  • Utdanning på bachelornivå kombinert med relevant erfaring. Relevant og dokumentert praksis frå byggeprosessar og/eller utstillingsproduksjon eller liknande kan svare til manglande formell utdanning
  • Erfaring med arbeidsleiing og prosjektverksemd
  • Erfaring frå teknisk planlegging og produksjon av utstillingar eller tilsvarande
  • Forståing for digital infrastruktur
  • Kjennskap til gjeldande tekniske standardar innan utstillingsproduksjon
  • Kompetanse innan bruk av lyd og lys i arrangement- og utstillingsamanheng
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kompetanse innan digital verktøy som InDesign, SketchUp, Photoshop etc.
  • Kunnskap rundt materialbruk egnet for museer og tekniske standarder for godkjenning (arkivbestandig)
  • Erfaring med bruk av ulike material som metall, treverk, pleksiglass og liknande

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg interessant arbeidsmiljø
  • Løn som overingeniør (stillingskode 1087) er for tida 584 500 – 635 400 brutto per år i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få av:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stilling

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS