Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør (vikariat, 100%) - Influensasenteret

Søknadsfrist: 19.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Influensasenteret, Klinisk institutt 2 er det ledig ei mellombels stilling som 100 % overingeniør (vikar) frå januar 2021 til juni 2021.Stillinga er knytt til prosjektet ” FLUCOP”, finansiert av EU IMI. Influensasenteret er deltakar i fleire eksternt finansierte prosjekt (NFR og EU prosjekt) som tek sikte på å auke den medisinske forståinga av immunsvar etter influensavaksinasjon og -infeksjon.

ProsjektMålet med prosjektet er å auke den medisinske forståinga av immunsvar etter influensavaksinasjon.Hovudføremålet med prosjektet er å utvikle nye metode å måle effekt av influensavaksinar.

Arbeidsoppgåver:

Hovudmålet for denne stillinga er utvikling og teste nye metode å måle effekt av nye influensavaksinar. Prosjektet vil involvere å teste flerre immunologiske testar såmne med vår Europeiske for å undersøke systemiske immunresponsar. Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført ein cand. med grad eller ha anna relevant mastergrad innan biologi.
  • Erfaring innan flow cytometri, influensaimmunologi og virologi vil vere eit føremon.
  • Gode engelskkunnskapar er ei føremon ettersom Influensasenteret har eit internasjonalt arbeidsmiljø.

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har vitenskapeleg nysgjerrighet og høg grad av intern motivasjon
  • kan arbeide sjølvstendig og i team med gode samarbeidsevner og oppnår prosjektsmålene.
  • har høg arbeidskapasitet, er strukturert, med intern driv, entusiasme og motivasjon til å gjennomføre prosjekt

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 472 000 - 504 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen