Overingeniør ved Institutt for biomedisin (vikariat)
Søknadsfrist: 12.11.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør ved Institutt for biomedisin (1-årig vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin er det ledig eit 100 % vikariat som overingeniør, frå og med 1. januar til og med 31. desember 2025. 50 % av stillinga vil vere tilknytt Eining for translasjonell kreft og vaskulær forsking (TCVR), og den andre 50 % av stillinga vil vere tilknytt teknologiplattforma Molecular Imaging Center (MIC).
TCVR består av seks ulike forskingsgrupper, som alle utfører grunnleggjande og preklinisk forsking, med ei sterk tilknytting til kliniske miljø. I fem av desse gruppene, som overingeniøren vil vere knytt til, er målet med forskinga å forstå dei biologiske mekanismane som ligg til grunn for initiering og progresjon av vondarta kreftsvulstar i hjernen og å identifisera og karakterisera nye molekylære mål, innan til dømes exosomer og microRNA, som kan nyttast i framtidig utvikling av målretta terapi. For meir informasjon, sjå her.
MIC blei starta i 2003 og er ein open kjernefasilitet for alle forskarar på like vilkår, innafor avansert subcellulær, cellulær og smådyrs-avbilding. Vi har høgt kvalifisert vitskapeleg og teknisk personale som opererer og held ved like utstyret. Forsking og metodeutvikling er ein integrert del av aktivitetane på MIC. Vi arrangerer årleg fleire kurs innan bruken av instrumenta våre. For meir informasjon, sjå her
Arbeidsoppgåver:
Arbeide med pasientprøver, cellelinjer og eksosomer i cellekultur.
Arbeide med ulike oppgåver relatert til Tumorbanken.
Utføre ulike biologiske analysemetodar, som til dømes proteinanalysar, immunohistokjemi, mikroskopiske teknikkar, ultrasentrifugering og STR-fingerprinting.
Parafininnstøyping, farging og snitting av vevsprøver for lysmikroskopi.
Innstøyping, farging og snitting av prøver for transmisjons elektronmikroskopi (TEM).
Hjelpe til i dyreforsøk.
Smådyrsavbilding (i første rekkje MRI, men PET og CT kan og bli aktuelt).
Vere med og arrangere kurs på MIC.
Førefallande laboratoriearbeid.
Ordensmannsansvar i lab, drift, lage buffere og dyrkingsmedia, registrering av kjemikaliar, prosedyreskriving og bestilling av varer.
Ta imot og lære opp master- og doktorgradsstudentar i ulike laboratorietekniske metodar.
Det kan bli aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad innanfor biologiske emne. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
søkjar må ha relevant erfaring med arbeide i biologiske forskingslaboratorium
søkjar må ikkje ha allergi mot dyr eller kjemikalia som blir handtert med vanlege sikringstiltak, og må vere villig å ta dei nødvendige vaksinane for laboratoriearbeid
søkjar må ha godkjenning for å arbeida med forsøksdyr (FELASA C)
søkjar må ha evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
tidlegare erfaring med smådyrs-avbilding (MRI) er ei føremon
det er ønskjeleg med tidlegare erfaring frå tidlegare nemnte biologiske analysemetodar, samt prekliniske eksperimentelle dyreforsøk
gode IT kunnskapar er ei føremon
erfaring frå kreftforsking er ei føremon
det vil lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, interesse for forsking, vere ansvarsmedviten og serviceinnstilt
søkjar blir vurdert på evner til å arbeide systematisk, sjølvstendig og kreativt, men samstundes kunne arbeide i team
Vi søkjer ein person som:
har tidlegare erfaring med å arbeide innan laboratoriearbeid
har erfaring med celle- og molekylærbiologi, dyreforsøk og preklinisk avbilding (MRI)
har god serviceinnstilling, gode evner og vilje til kommunikasjon og samarbeid
er systematisk, sjølvstendig, fleksibel og kreativ, og kan arbeide i team
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
Løn er for tida kr 584 500 – 604 900 (kode 1087, lønssteg 60-62, med Mastergrad). Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1087, lønssteg 60-66, med doktorgrad/Ph.d.). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Frits Thorsen, Institutt for biomedisin, tlf 957 49 681, e-post: frits.thorsen@uib.no
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.