LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 26.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som overingeniør. Stillinga er finansiert av Noregs Forskningsråd i 2.5 år. Overingeniøren vil arbeide ved forskingssenteret Neuro-SysMed som har areal på Haukeland universitetssjukehus.

Om Neuro-SysMed

Neuro-SysMed er eit forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (senterleiar og ansvarlig for multippel sklerose) og professor Charalampos Tzoulis (vise-senterleiar og ansvarleg for nevrodegenerasjon). Neuro SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å finne og prøve ut effektiv behandling for: Parkinsons sjukdom (PD), fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom (AD), multippel sklerose (MS) og amyotrofisk lateral sklerose (ALS). At vi kan tiltrekkje oss, og behalde arbeidstakarar med høg kompetanse er ein fundamental føresetnad for vidare suksess i senteret.

Meir informasjon om Neuro-SysMed.

Vi søkjer etter ein dedikert overingeniør som skal arbeide hovudsakeleg med massecytometri av celler i suspensjon (Helios) og vev (Hyperion). Vi tilbyr ein unik mogelegheit for ein teknikar til å bli med i forskingssenteret Neuro-SysMed. Du vil jobba saman med ein tverrfaglig gruppe av forskarar, med ekspertise på klinisk, molekylær og datateknisk nevrovitskap.

Arbeidsoppgåver:

  • Massecytometri av celler i suspensjon – CyTOF – Helios plattforma. Spesifikke oppgåver vil omfatte henting og klargjering av blodprøver til massecytometri analyser.
  • Imaging massecytometri av vev – Hyperion-plattforma. Spesifikke oppgåver vil omfatte henting og klargjering av vev for analyser
  • Etablering of massecytometri antistoff-panel og antistoff validering
  • Etabliering av massecytmetry laboratorium pipelines for kliniske studier innan MS
  • Organisering av biobank til massecytometri for kliniske studier innan MS
  • Regelmessige møter med MS- forskingsgruppa ved laboratoriet i Neuro-SysMed for å organisere arbeidsbelastning og teknisk støtte for god gjennomføring av forskingsaktivitetar, vedlikehald av fasilitetar og utstyr.
  • Presentere resultat og / eller data til MS-forskingsgruppa ved laboratoriet i Neuro-SysMed. Halde nøye dokumentasjon over alle gjennomførte prosedyrar og utfall, for tolking med andre forskarar.
  • Når passande, gi støtte og trening til akademiske og tekniske medarbeidarar og studentar, på spesifikke eksperimentelle teknikkar, og i bruken av spesialisert laboratorie-utstyr.
  • Bistå med å koordinere vitskaplege møter.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad innanfor molekylær biologi eller tilsvarande fag
  • Erfaring i cellebiologi, massecytometri og immunologi ved MS
  • Erfaring med praktisk bruk av Helios og/eller Hyperion-plattforma. Erfaring med massecytometri laboratorium pipelines
  • Gode munnleg og skriftlege norskkunnskapar, samt flytande engelsk, skriftlig og munnleg, på et teknisk/vitenskapeleg nivå

Føremonn med:

  • Erfaring med nevroimmunologiske studier, særleg innan MS
  • Erfaring med preparering av blod og vev for massecytometri analyser
  • Erfaring med handsaming av biologiske prøvar frå kliniske studiar, slik som immunceller ifrå blod, isolering av celler frå ryggmargsvæske, osv.
  • Erfaring med hjernevev (humant eller dyremodellar)

Vi søkjer ein person som:

  • Er god på å kommunisere og har gode samarbeidseigenskapar, men kan også jobbe sjølvstendig og er god på problemløysing
  • Er nøye og har fokus på detaljar
  • Er villig til å ta ansvar for prosessar og følger dei til dei er fullførd
  • Visar initiativ og har høg arbeidskapasitet
  • Er i stand til å motivere andre og etablere samarbeid på tvers av miljø
  • Er fleksibel og innstilt på å hjelpe
  • Er systematisk og analytisk
  • Er villig til å gjere seg kjend med nye emne og områdar
  • Er god på å arbeide strategisk, strukturert og med sikte på fristar

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 58-66 (for tida kr 524 900 – 604 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga som overingeniør:

  • Overingeniøren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • Lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Instituttleiar kan pålegge overingeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt

Generell informasjon:

For utfyllende informasjon ta kontakt med:

  • Professor Kjell-Morten Myhr, telefon 55 976031 / 41447868 eller 55 975045 (ekspedisjon), e-post kjell-morten.myhr@uib.no eller
  • Seniorforskar Sonia Gavasso e-post sonia.gavasso@helse-bergen.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS