Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør
Ved Institutt for biovitenskap (BIO) er det ledig ein mellombels stilling (50%) som overingeniør. Stillinga har ei varigheit på 10 månadar og er knytt til prosjektet "INDEPTH: Life at the limits: diversity, adpatation strategies and bioprospecting of microbes living in the Arctic deep-sea habitats”, GRIEG, Europeisk Økonomisk Samarbeidsområde/Norge finansiering. INDEPTH er ledet ved Universitetet Gdańsk, med partnarar frå Institutt for bioorganisk kjemi, det polske vitskapsakademiet, ved Universitetet i Warszawa, Nasjonalt forskingssenter og ved UiB. INDEPTH fokuserer på djuphavsøkosystem som lokalisert på den arktiske midthavsryggen. Eit ønska hovudresultat for prosjektet er identifisering og karakterisering av metabolske veier og enzym (inkludert nye) som fører til at mikrobar kan trivs i djupe havområde.
Arbeidsoppgåver
Anriking og dyrking av anaerobe mikroorganismar (bakteriar og arkéer) i satskulturer og fermentor.
Genomanalysar av protein-nedbrytande mikroorganismar.
Bygging av relevant eksperimentelt utstyr.
Kvalifikasjonar
Det kreves minimum bachelorgrad innenfor relevant fagområde. Det kan kreves spesialutdanning dersom dette anses nødvendig i forhold til de oppgavene som skal løses. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og videreutdanning kan i noen tilfeller kompensere for utdanningskravet.
Omfattande relevant praksis kan vere eit krav
Leiareigenskaper og administrativ kompetanse blir vektlagt når dette er relevant for stillinga
Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Evne til å arbeide sjølvstendig og løysings- og resultatorientert
Positiv innstilling til arbeid i felt under varierande forhold
Nøyaktigheit i arbeid på laboratoriet
Evne og vilje til å tileigne seg ny kunnskap
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent fagmiljø
Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og deltaking i feltarbeid, både lokalt og internasjonalt.
Arbeid i ei fagleg god og sosialt velfungerande faggruppe
Løn som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 57-61 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar (for tida utgjer dette 504 700,- - 542 400,-). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for å søkje og kvifor du passer til stillinga
namn og kontaktinformasjon til to referansar
CV
Vitnemål og attestar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Ida Helene Steen, ida.steen@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.