Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga
Ved driftsseksjonen på Eigedomsavdelinga er det ledig ei 100% stilling som fagressurs drift.
Dei kommande åra planlegg UiB fleire store rehabiliteringsprosjekt og nybygg, i tillegg til at det er høg aktivitet innan små og mellomstore oppgraderings- og vedlikehaldsprosjekt. Eigedomsavdelinga treng difor å styrke bemanninga for å sikre mest mogeleg effektive og føremålstenlege bygg i samsvar med UiB sine standardkrav/PA, og sikre god overgang mellom byggjefasen og driftsfasen.
Fagressurs Drift har ei sentral kontrollfunksjon gjennom heile prosjektet, frå prosjektering til prøvedrift og reklamasjonsfase, og skal hjelpe med oppfølging av avvik i garantitida. Formålet med stillinga er å sikre at ein tek tilstrekkeleg omsyn til driftsfasen gjennom prosjektet, og at prosjektet vert levert og fungerer slik som avtalt.
Dei neste åra skal UiB anskaffe og implementere nytt FDVU-system. Stillinga vil vere sentral i implementeringa av systemet.
Om avdelinga
Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2 , inkl. innleige av 102.000 m2 . Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 536 mill. og eit investeringsbudsjett på omlag 377 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.
Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i 4 driftsområde - tre er lokalisert på Nygårdshøgda og eitt er lokalisert på Årstad/Haukelandsområdet. I tillegg til driftsområda har driftsseksjonen ei sentral eining med gruppeleiarar og fagressursar med ulike ansvarsområde.
Arbeidsoppgåver:
Overingeniøren rapporterer til seksjonsleiar for driftsseksjonen, og vil m.a ha følgjande arbeids- og ansvarsområde:
Implementering og oppfølging av nytt FDVU-system i samarbeid med bl.a. gruppa for Digital eigedomsforvaltning
Kontrollfunksjon for prosjektering, bygging og systematisk ferdigstilling i prosjekt
Fagleg støtte for prosjektleiar
Vere bindeledd mellom prosjekt, andre fagressursar frå drift og driftsområde, og legge til rette for ei god overføring frå prosjekt til drift
Følgje opp prosjekt i prøvedrifts- og garantifasen for å sikre avtalt kvalitet
Bidra til å følgje opp og utvikle rutinar og standardkrav for kvalitet, funksjonalitet og dokumentasjon til byggeprosjekt
Ønskte kvalifikasjonar
Bachelor- eller mastergrad i ingeniørfag, gjerne innan fagområda elektro, VVS eller energi og miljø, saman med lengre relevant praksis. I særskilte tilfelle kan manglande formell utdanning kompenserast med lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning.
Gode kommunikasjonsvener på norsk, både skriftleg og munnleg, med alle partar som deltek i prosessen
God fleirfagleg innsikt innan bygg
Erfaring frå overtaking, oppstart og prøvedrift av nye bygg og tekniske anlegg
Erfaring med FDVU av tekniske anlegg og oppbygging av FDVU-dokumentasjon
Evne til å organisere og løyse problem etter kvart som dei oppstår
Evne til å handtere til tider store arbeidsmengder i eit hektisk miljø
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Hos oss kan du forvente:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Eit hektisk arbeidsmiljø, stor kontaktflate mot kollegar og brukara
Samarbeid med einingane på avdelinga og eksterne leverandørar
Eit inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
Tilsetting i stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 74-79 (for tida kr 745.000 – 845.900) i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særskild godt kvalifiserte søkarar kan det vurderast høgre lønn.
Opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling
Medlemsskap i Statens pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.