LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør - Institutt for biovitenskap (BIO)

Søknadsfrist: 04.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Institutt for biovitenskap (BIO) er det ledig eit vikariat i 50 % som overingeniør knytt til forskingsgruppa i miljøtoksikologi under faggruppe Miljø- og havbruksbiologi. Stillinga er ledig i eitt år, med moglegheit for forlenging.

Den som blir tilsett skal primært assistere vitskapleg personale i forsking og undervisning i miljøtoksikologi, og vil få sjølvstendig ansvar for å utvikle og vedlikehalde laboratoria og for metodeundervisning og -rettleiing.

Arbeidsoppgåver

  • Oppsyn med infrastruktur og instrument i forskingslaboratoria
  • Ansvar for innkjøp og oppbevaring av reagensar og kjemikaliar
  • Rettleiing i metodar knytt til forsking i miljøtoksikologi på bachelor-, master- og doktorgradsnivå
  • Forberede til og delta som assistent på laboratoriekurs i miljøtoksikologi
  • Delta i og assistere ved pågåande forskingsprosjekt i miljøtoksikologi og medverke til metodeutvikling

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha høgare utdanning på mastergradsnivå innan miljøtoksikologi, molekylærbiologi eller anna relevant fagområde. Relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring med molekylærbiologiske og cellebiologiske metodar er eit krav
  • Kurs i forsøksdyrlære er ein føremon
  • Søkjarane må ikkje være allergiske mot dyr eller kjemikaliar
  • Gode kunnskapar innan miljøtoksikologi er ein føremon
  • Undervisningserfaring på universitetsnivå er ein føremon
  • Erfaring med HMS-arbeid er ein føremon
  • Erfaring med forsøk på fisk er ein føremon
  • Søkjarar må kunne nytte norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i gruppe
  • Løysings- og resultatorientert i tråd med krava for ulike oppgåver og ansvarsområde
  • Biologisk forståing og erfaring frå forskingsarbeid, helst innan miljøtoksikologi
  • Evne og vilje til å løyse tekniske/metodiske utfordringar, handtere utfordringar raskt, og effektivt løyse komplekse problemstillingar knytt til gjennomføring av undervisning
  • Evne til samarbeid og til raskt å tilpasse seg nye arbeidsoppgåver
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent miljø med stor kompetanse innan miljøtoksikologi og marin forsking
  • Arbeid i moderne og avanserte laboratorium med variert forsking
  • Tilknyting til ein god fagleg og sosialt velfungerande forskingsgruppe
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling og utstrekt kontakt med andre fagmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53 - 58 (for tida kr 472 000- 513 600) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generelt for tekniske stillingar ved Institutt for biovitenskap

  • Arbeidsoppgåvene for stillinga vil kunne endre seg over tid, etter behovet til instituttet. Den som blir tilsett, må ha evne og vilje til å tilpasse seg nye arbeidsoppgåver, kunne arbeide sjølvstendig og fungere godt i teamarbeid. Alle tilsette i tekniske stillingar vil kunne få ansvar for drift og fellesoppgåver ved instituttet, særleg knytt til laboratoriedrift, undervisning og HMS.
  • Ved instituttet er det etablert ei ordning med beredskapsvakt. Den som blir tilsett må vere forberedt på å delta i vaktlaget for beredskapsvakta.
  • I periodar må det påreknast å arbeide i helger og utanom normal arbeidstid.
  • Stillinga vil innebere arbeid med kjemikaliar og eventuelt dyr.
  • Kandidatar med erfaring frå tekniske stillingar, eller som viser klar motivasjon for ein slik karriereveg, vert føretrekte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskingsgruppeleiar førsteamanuensis Odd André Karlsen (telefon: +47 55584651 / e-post: odd.karlsen@uib.no) eller
  • Professor Anders Goksøyr (telefon: +47 55584403 / e-post: anders.goksoyr@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS