Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i informatikk – anvendt kryptologi

Søknadsfrist: 15.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i informatikk – anvendt kryptologi

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som stipendiat i informatikk – anvendt kryptologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vera hos forskingsgruppa Selmersenteret for sikker kommunikasjon. Selmersenteret er ei internasjonalt leiande forskingsgruppe innan IKT innan kryptografi, kodeteori, informasjonssikkerheit, Boolske funksjonar, sekvensdesign og kvanteinformasjonsteori.

Stillinga er innan anvendt kryptologi og vil omfatte vitskapeleg forsking og formidling på internasjonalt nivå innan dette området. Det aktuelle prosjektet vil avhenge av ferdigheitene og kvalifikasjonane til den rette kandidaten, men vil vere frå eitt av følgande felt: symmetrisk-nøkkel kryptologi, post-kvante kryptologi for ny teknologi, sidekanalangrep, implementeringsaspekt i kryptografi og bevisbar sikkerheit for symmetriske primitive.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk, informatikk, elektroteknikk eller eit relatert område. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.12.2020. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ein sterk bakgrunn innan matematiske områder som sannsynlegheitsteori, matematisk statistikk og algebra er eit krav.
  • Kompetanse i programvareutvikling er eit krav.
  • Grunnleggjande forskingserfaring (f.eks. praksisplass eller som del av masterprogram) innan informasjonssikkerheit / kryptografi er ein føremon.
  • Praktisk yrkeserfaring innan informasjonssikkerheit er ein føremon.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er tre år, med høve til eit fjerde år. Den som vert tilsett for fire år vil i tillegg til å jobbe mot ein ph.d.-grad, ha oppgåver retta mot undervisning, formidling og rekruttering i 25% av tida si. Tilsetjing i fire år avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.12.2020.
  • Relevante attestar
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 15.09.2020.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Lene Sørheim

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS