Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 26 500 studentar og 7 200 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for kultur, religion, Asia- og Midtaustenstudium (IKOS) er eitt av sju institutt ved Det humanistiske fakultetet.
Instituttet har brei kompetanse innanfor studiet av religion og kultur og innanfor språkbaserte områdestudium med særleg vekt på Sør-Asia, Aust-Asia, Midtausten og Nord-Afrika. Instituttet har fleire studieprogram, både på bachelor- og masternivå. Av dei 110 tilsette på instituttet er 40 ph.d- og post.doc.stipendiatar.
Om stillinga
Stillinga omfattar dagleg leiing av eit studieteam med sju medarbeidarar. For søkjarar med rett kompetanse og personlege eigenskapar kan personalansvar for studieteamet vurderast delegert til stillinga. Studieleiar rapporterer til administrativ leiar, arbeider tett med fagleg undervisningsleiar og deltek i leiargruppa til instituttet.
Studieleiar har ansvar for å leia og utvikla medarbeidarane til studieteamet og vidareutvikla ein proaktiv og velfungerande studieadministrasjon. Studieleiar skal bidra til arbeidet til instituttet med å vidareutvikle og styrke utdanningskvaliteten og delta i dei utdanningsstrategiske drøftingane til instituttleiinga. Studieleiar skal også bidra til ressursøkonomiske vurderingar i samband med utviklinga av studie- og EVU-verksemda.
Stillinga inngår i eit arbeidsmiljø som blir kjenneteikna av brei kontaktflate med undervisarar, studentar og administrasjon lokalt og på fakultetsnivå.
Oppgåver og ansvar
Studieleiar er venta å delta i førebuing og gjennomføring av alle typar studieadministrative oppgåver med spesielt ansvar for:
Leiing og koordinering av studieteamet med sju medarbeidarar
Saksbehandling, rådgiving og rapportering i studiesaker
Utvikling og vedlikehald av gode studieadministrative rutinar, medrekna rutinar for kvalitetssikring, oppfølging av studentar og gjennomføringsgrad på studieprogram og emne
Å vidareutvikle det studieadministrative arbeidet og implementera strategiar og prosjekt innan utdanningsområdet
Å vera bindeledd mellom fakultetet og instituttet på det studieadministrative feltet
For å søkje stillinga må du ha følgjande kompetanse
Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå og helst på masternivå. Relevant realkompetanse kan kompensera for utdanningskravet.
Brei og relevant erfaring med studieadministrative oppgåver frå universitets- og høgskulesektoren
God kjennskap til forvaltningslova og regelverk relevant for universitets- og høgskulesektoren
Erfaring med leiing og koordinering av team. Erfaring som personalleiar eller avdelingsleiar i UH-sektoren kan telja positivt
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Gode IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein trygg og tydeleg leiar med evne til å skapa tillit, engasjement og eit godt arbeidsmiljø i ein hektisk arbeidskvardag. Ved sida av gode mellommenneskelege ferdigheiter er det viktig at du er utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne. Det vil bli lagt vekt på søkjarane si dokumenterte evne til å skapa samarbeid i grupper og team for å oppnå felles mål. Som del av leiargruppa til instituttet er det også viktig at du har god organisasjonsforståing med ei evne til å kopla eiga rolle til det overordna målet for verksemda.
Dette er ei stilling med store utviklingsmoglegheiter, og personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi treng ulike perspektiv i arbeidet vårt
UiO er eit ope og internasjonalt breiddeuniversitet, og ønskjer å vere ein inkluderande og mangfaldig arbeidsplass og studiestad. Les meir om UiOs arbeid for likestilling, inkludering og mangfald på uio.no.
Vi løyser samfunnsoppdraget vårt best når vi tek i bruk dei ulike erfaringane, bakgrunnane og perspektiva våre. Vi ønskjer oss fleire gode kollegaer – kanskje den neste er deg?
Vi vil leggje til rette dersom du har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere endring av arbeidstid, tilpassing av arbeidsoppgåver, digital, teknisk eller fysisk tilrettelegging, eller andre praktiske tilpassingar.
Har du innvandrarbakgrunn, funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en, oppmodar vi deg til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar gruppe til intervju. Med funksjonsnedsetjing meiner vi her ein søkjar som oppgjer å ha ei funksjonsnedsetjing som vil medføre tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.
Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir brukte til anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Vi håpar du søkjer på stillinga hos oss.
Vi tilbyr
Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, som bidreg til kunnskapsutvikling, utdanning og formidling for å fremja ein berekraftig, rettferdig og kunnskapsbasert samfunnsutvikling.
Engasjerte kollegaer i eit triveleg og stimulerande arbeidsmiljø.
Ein arbeidsplass med gode utviklings- og karrieremoglegheiter.
Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som er ein av Noregs beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar.
Løn i stilling som avdelingsleiar, stillingskode 1407 i lønsspenn kr. frå 760 000 til 860 000, avhengig av kompetanse og erfaring. Frå lønna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge, klikk “Søk stillinga”.
Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskriftene dine. All dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.
Generell informasjon
Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.
Søkerlister kan bli offentleggjort iht. Offentleglova § 25 andre ledd. Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på den offentlege søkarlista. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne lista. Du må grunngje kvifor du ønskjer unntak frå offentleggjering, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, vil du høyre frå oss.