Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 26 500 studentar og 7 200 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Det juridiske fakultet har Norges største forsknings- og utdanningsmiljø for rettsvitenskap, kriminologi og rettssosiologi med ca. 4 300 studenter og 300 ansatte. Fakultetet er fordelt på fem grunnenheter og en fakultetsadministrasjon.
Om stillinga
Er du jusstudent på første eller andre studieår i Oslo og kan tenke deg ein ekstrajobb på 10 timar i veka?
Frå midten av august har vi ledig ei fast 25 % stilling som sekretær (SKO 1070).
Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon og er ei av to studentstillingar i resepsjonen. Vi held ope frå kl 9-14 mandag til torsdag, og du og den andre studenten jobbar to dagar kvar i veka.
De tilpassar sjølv dagane ift undervisning.
Vi held stengt i romjul, påske og frå siste del av juni til starten av august.
Institutt for privatrett er eit av fem institutt ved fakultetet, og har ca 85 tilsette. Vi held til i Domus Media og i Domus Akademika, og resepsjonen er i Domus Media.
Arbeidsoppgåver
Resepsjon – mottak av besøkande og varer
Enkle administrative oppgåver
Kvalifikasjonskrav
Kjennskap til fakultetet og instituttet
Kjennskap til bygningane
Erfaring med tilsvarande oppgåver vil vere positivt
Vi ser helst at du er jusstudent på første eller andre studieår
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
er serviceinnstilt
er fleksibel
er utadvendt
har godt humør
Vi treng ulike perspektiv i arbeidet vårt
UiO er eit ope og internasjonalt breiddeuniversitet, og ønskjer å vere ein inkluderande og mangfaldig arbeidsplass og studiestad. Les meir om UiOs arbeid for likestilling, inkludering og mangfald på uio.no.
Vi løyser samfunnsoppdraget vårt best når vi tek i bruk dei ulike erfaringane, bakgrunnane og perspektiva våre. Vi ønskjer oss fleire gode kollegaer – kanskje den neste er deg?
Vi vil leggje til rette dersom du har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere endring av arbeidstid, tilpassing av arbeidsoppgåver, digital, teknisk eller fysisk tilrettelegging, eller andre praktiske tilpassingar.
Har du innvandrarbakgrunn, funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en, oppmodar vi deg til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar gruppe til intervju. Med funksjonsnedsetjing meiner vi her ein søkjar som oppgjer å ha ei funksjonsnedsetjing som vil medføre tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.
Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir brukte til anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge, klikk “Søk stillinga”.
Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskriftene dine. All dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.
Generell informasjon
Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.
Søkerlister kan bli offentleggjort iht. Offentleglova § 25 andre ledd. Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på den offentlege søkarlista. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne lista. Du må grunngje kvifor du ønskjer unntak frå offentleggjering, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, vil du høyre frå oss.