Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Sekretær – resepsjonsarbeid (Det juridiske fakultet)

Søknadsfrist: 22.09.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Nordisk institutt for sjørett (NIFS) er ein av fem grunn-einingar ved Det juridiske fakultet, og er ressurssenter for alle som arbeider med sjørettslege og andre tilknytte problemstillingar i Norden. NIFS har studentar og samarbeidspartnarar frå heile verda. Instituttet sine forskingsområder spenner frå sjørett, havrett og forsikringsrett til petroleums- og energirett. NIFS er og vertskap for forskargruppa i naturressursrett.

Det juridiske fakultet, Nordisk institutt for sjørett

Om stillinga

Vi har ledig ein fast 35 % stilling som sekretær (SKO 1070). Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon, og vil være ein av to stillingar i resepsjonen. Instituttet er eit av fem institutt ved fakultetet, og har ca 40 tilsette. Dei to stillingane kan ikkje dekkast av same person pga behov for fleksibilitet.

Den som vert tilsette skal sitte i resepsjonen til instituttet for å ta imot gjestar og varelevering, svare på spørsmål knytt til tilsette og lokala i bygget og dei andre universitetsbygga i sentrum.

Arbeidsoppgåver

Resepsjon – mottak av besøkande og varer.

Kvalifikasjonskrav

  • Kjennskap til fakultetet og instituttet
  • Kjennskap til bygningane
  • Erfaring med tilsvarande oppgåver vert sterkt vektlagt
  • Det er ønskelig at du er jusstudent
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • er serviceinnstilt
  • er fleksibel
  • har godt humør

Vi tilbyr

  • Hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning
  • Lønn NOK 337 300,- pr. år i 100 % stilling

Søknaden skal innehalde

  • Søknad og CV
  • Attestar og vitnemål

Søknad med vedlegg må sendes inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

  • Kontorsjef Bente Lindberg Kraabøl, Mobnr. 47 02 69 02

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS