Resepsjonsmedarbeider i 35 -stilling - gjerne jusstudent
Søknadsfrist: 14.07.2026
Publisert
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 26 500 studentar og 7 200 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Nordisk institutt for sjørett (NIFS) er ein av fem grunn-einingar ved Det juridiske fakultet, og er ressurssenter for alle som arbeider med sjørettslege og andre tilknytte problemstillingar i Norden. NIFS har studentar og samarbeidspartnarar frå heile verda. Instituttet sine forskingsområder spenner frå sjørett, havrett og forsikringsrett til petroleums- og energirett. NIFS er og vertskap for forskargruppa i naturressursrett.
Om stillinga
Er du blid, arbeidsam, fleksibel, initiativrik og serviceorientert? Vi har ledig ein fast 35 % stilling som resepsjonsmedarbeidar (stillingskode sekretær SKO 1070). Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon, og vil være ein av to stillingar i resepsjonen. Instituttet er eit av fem institutt ved fakultetet, og har ca 40 tilsette. Dei to stillingane kan ikkje dekkast av same person på grunn av behov for fleksibilitet.
Den som vert tilsett skal sitte i resepsjonen til instituttet for å ta imot gjestar og varelevering, svare på spørsmål knytt til tilsette og lokala i bygget og dei andre universitetsbygga i sentrum. Det ligg og enklare administrative oppgåver og webarbeid til stillinga.
Arbeidsoppgåver
Resepsjon - mottak av besøkande og varer. Enklare administrative oppgåver og webarbeid.
Kvalifikasjonar
Kjennskap til fakultetet og instituttet
Erfaring frå servicearbeid er ønskeleg
Det er ønskeleg at du er jusstudent
Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
er serviceinnstilt og løsningsorientert
er fleksibel
er utadvendt og har godt humør
Vi treng ulike perspektiv i arbeidet vårt
UiO er eit ope og internasjonalt breiddeuniversitet, og ønskjer å vere ein inkluderande og mangfaldig arbeidsplass og studiestad. Les meir om UiOs arbeid for likestilling, inkludering og mangfald på uio.no.
Vi løyser samfunnsoppdraget vårt best når vi tek i bruk dei ulike erfaringane, bakgrunnane og perspektiva våre. Vi ønskjer oss fleire gode kollegaer – kanskje den neste er deg?
Vi vil leggje til rette dersom du har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere endring av arbeidstid, tilpassing av arbeidsoppgåver, digital, teknisk eller fysisk tilrettelegging, eller andre praktiske tilpassingar.
Har du innvandrarbakgrunn, funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en, oppmodar vi deg til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar gruppe til intervju. Med funksjonsnedsetjing meiner vi her ein søkjar som oppgjer å ha ei funksjonsnedsetjing som vil medføre tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.
Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir brukte til anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Vi håpar du søkjer på stillinga hos oss.
Vi tilbyr
Hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning
Lønn som sekretær SKO 1070 fastsettast etter en individuell vurdering innanfor et spenn mellom kr 389 100 og 410 000 avhengig av kompetanse.
Søknaden skal innehalde
Søknadsbrev
CV
Attestar og vitnemål
Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Generell informasjon
Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.
Søkerlister kan bli offentleggjort iht. Offentleglova § 25 andre ledd. Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på den offentlege søkarlista. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne lista. Du må grunngje kvifor du ønskjer unntak frå offentleggjering, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, vil du høyre frå oss.
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 26 500 studentar og 7 200 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Nordisk institutt for sjørett (NIFS) er ein av fem grunn-einingar ved Det juridiske fakultet, og er ressurssenter for alle som arbeider med sjørettslege og andre tilknytte problemstillingar i Norden. NIFS har studentar og samarbeidspartnarar frå heile verda. Instituttet sine forskingsområder spenner frå sjørett, havrett og forsikringsrett til petroleums- og energirett. NIFS er og vertskap for forskargruppa i naturressursrett.