Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Forskingsrådgjever / - konsulent (vikariat)

Søknadsfrist: 29.05.2026

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 26 500 studentar og 7 200 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) er eit tverrfagleg senter med 40 tilsette som driv forsking, undervising og formidling innan fagfelta innovasjon og vitskaps- og teknologistudier (STS). Senteret er underlagt Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Ein stor del av senteret sin aktivitet er knytt til forskingsprosjekt finansiert av eksterne finansiørar. Utdanningstilbodet omfattar forskarutdanning (ph.d.-program) og to masterprogram. Senteret er vertskap for OSIRIS (Oslo Institute for Research on the Impact of Science).

Om stillingen

TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur har ledig eit vikariat frå 1. august 2026 til 31. mai 2027 som forskingsrådgjever / - konsulent. 

Den som vert tilsett vil mellom anna stå for administrativ støtte til senteret sine forskarar ved søknader om prosjekt og TIL ph.d.-studieretninga Teknologi, innovasjon og kultur under doktorgradsutdanninga i samfunnsfag.

Stillinga inngår i senteret sitt administrative team som samarbeider om administrasjonen av senteret si forskings- og utdanningsportefølje. Stillinga inngår òg i Det samfunnsvitskaplege fakultetet sitt forskingsadministrative nettverk (FANE). Me søkjer ein person som kan vere med å utvikle det forskingsadministrative arbeidet ved TIK. Vi er eit lite miljø der alle bidrar i bredda av oppgåver og tar i eit tak når det trengs.

Dine arbeidsoppgaver vil i hovedsak være 

  • Støtte til søknader og oppfølging av instituttet sine forskarprosjekt, inkludert drift, rapportering og bestillingar
  • Administrativ oppfølging av instituttet si forskarutdanning: mottak og oppfølging av stipendiatar og andre knytt til forskingsutdanningsprogrammet, oppfølging av instituttet sitt kurstilbod i samarbeid med studiekonsulent, administrativ koordinering ved avvikling av disputasar
  • Administrativ oppfølging av arrangement og gjester, mellom anna: administrativt ansvar for seminar- og konferanseverksemd ved senteret, praktisk arrangementsplanlegging og gjennomføring, tilrettelegging og mottak av gjester 
  • Administrativ støtte og ansvar for senteret sine oppgåver i NVA (Nasjonalt vitenarkiv)
  • Andre forskingsadministrative oppgåver som nettinformasjon om forsking ved senteret, arkivering, vedlikehald av rutinar osb. 
  • Sekretæroppgåver for Forum for vitskapsteori

    Det kan òg bli lagt andre oppgåver til stillinga.

 Kompetanse 

Desse krava fyller du:

  • Utdanning minimum tilsvarande bachelornivå (gjerne innafor samfunnsfag eller humaniora, det er ei føremon med mastergrad). Dokumentert relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet. 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad. 
  • Digital kompetanse. 
  • For tilsetjing som rådgjever krevst erfaring med forskarstøtte og utvikling av prosjektsøknader. Viss det ikkje er tilstrekkeleg kvalifiserte søkjarar som rådgjever vil vi tilsette som seniorkonsulent SKO 1363 og justere oppgåver deretter.

Det vil være ei føremon om du og har:

  • Relevant erfaring frå tilsvarande arbeid innan universitets- og høgskulesektoren
  • God kjennskap til og interesse for samfunnsvitskapleg og tverrfagleg forsking, gjerne innovasjonsstudiar og vitskap- og teknologistudiar (STS).
  • Kunnskap om datahandtering, GDPR, personvern og open forsking
  • Kunnskap om regelverk og erfaring med forskingsetikk og personvern

Kva ser vi etter hos deg?

Vi søkjer deg som: 

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper, er fleksibel, serviceinnstilt og løysningsorientert 
  • har evne til å handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø 
  • tek ansvar og kan jobbe systematisk, effektivt og sjølvstendig 
  • kan syne engasjement og initiativ 
  • har god talkjensle 
  • bidreg til eit allereie godt arbeidsmiljø 

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi treng ulike perspektiv i arbeidet vårt

UiO er eit ope og internasjonalt breiddeuniversitet, og ønskjer å vere ein inkluderande og mangfaldig arbeidsplass og studiestad. Les meir om UiOs arbeid for likestilling, inkludering og mangfald på uio.no.

Vi løyser samfunnsoppdraget vårt best når vi tek i bruk dei ulike erfaringane, bakgrunnane og perspektiva våre. Vi ønskjer oss fleire gode kollegaer – kanskje den neste er deg?

Vi vil leggje til rette dersom du har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere endring av arbeidstid, tilpassing av arbeidsoppgåver, digital, teknisk eller fysisk tilrettelegging, eller andre praktiske tilpassingar.

Har du innvandrarbakgrunn, funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en, oppmodar vi deg til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar gruppe til intervju. Med funksjonsnedsetjing meiner vi her ein søkjar som oppgjer å ha ei funksjonsnedsetjing som vil medføre tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen

Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir brukte til anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Vi håpar du søkjer på stillinga hos oss.

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, som bidreg til kunnskapsutvikling, utdanning og opplysing som fremjar ei berekraftig, rettferdig og kunnskapsbasert samfunnsutvikling.
  • Engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Gode velferdsordningar.
  • Moglegheit for inntil 1,5 time i veka med trening i arbeidstida.
  • Ein arbeidsplass med gode utviklings- og karrieremoglegheiter.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som er ein av Noregs beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar.
  • Lønn i stilling som seniorkonsulent, stillingskode 1363, i lønnsspenn fra kr 550 000-640 000 til,- avhengig av kompetanse og erfaring. Lønn i stilling som rådgiver, stillingskode 1434, i lønnsspenn fra kr 650 000-730 000,- avhengig av kompetanse og erfaring. Frå lønna vert det trekt 2 prosent i lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.

Les mer om fordelene med å jobbe i staten i Arbeidsgiverportalen.

Søknad

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Kontaktinformasjon til 2-3 referansar.

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge, klikk “Søk stillinga”.

Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskriftene dine. All dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Generell informasjon

Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.

Søkerlister kan bli offentleggjort iht. Offentleglova § 25 andre ledd. Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på den offentlege søkarlista. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne lista. Du må grunngje kvifor du ønskjer unntak frå offentleggjering, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, vil du høyre frå oss.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS