Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Basiscontrollar ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 24.05.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.


Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Det humanistiske fakultet søker ein basiscontrollar. Du får ei nøkkelrolle for å legge til rette for god økonomisk styring i basisverksemda på eit av dei største fakulteta ved Universitet i Oslo (UiO)

Om stillinga

Ei stilling som basiscontrollar (rådgivar SKO 1434/seniorrådgivar SKO 1364) er ledig ved økonomiseksjonen ved Det humanistiske fakultet.

Basiscontrollaren er ein sentral ressurs for budsjett- og analysearbeidet på den rammestyrte verksemda. Basiscontrollaren deltar i økonomirelaterte drøftingar og avgjerdsprosessar i samarbeid med institutta på Det humanistiske fakultet. Oppgåvene omfattar mellom anna generell leiarstøtte, analysearbeid, verksemdsstyring, utarbeiding av strategisk informasjon til leiinga, budsjett- og rapporteringsarbeid, utvikling av økonomistyring i tillegg til deltaking i ulike prosjekt på UiO både på sentralt og lokalt nivå. Det kan òg bli lagt andre oppgåver til i stillinga.

I stillinga vil du bruke mykje tid ut mot institutta og blant anna jobbe tett opp mot den faglege og administrative leiinga ved institutta, men òg ved fakultetet.

Som tilsett vil du møte brukarar med mangfaldige behov, og du må kunne utvikle gode rapportar og kommunisere godt med ulike faggrupper. Du må like å jobbe i team, både fast og på prosjektbasis. Den som blir tilsett, må kunne bidra til den faglege utviklinga i basisgruppa.

Det er viktig med gode analytiske evner i denne stillinga, og det er viktig at ein er god til å formidle analysar både i munnleg og i skriftleg form. Praktisk kompetanse innan analyse der ein har vore med på å utarbeide analysar basert på verksemdsdata som har gitt strategisk grunnlag for avgjerder, er ein fordel.

Fakultetet gir fellestenester til institutta innanfor verksemdområda IT, personal/HR, kommunikasjon og økonomi.

Du vil jobbe med 18 kollegaer på økonomiseksjonen, som er ein del av fakultetsadministrasjonen ved Det humanistiske fakultet. Økonomifunksjonen ved fakultetet er delt i tre faggrupper: basis, prosjekt og rekneskap. Denne stillinga er plassert under basis, men òg andre økonomioppgåver ved fakultetet kan bli lagt til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • vere ansvarleg for økonomisk oppfølging av rammestyrt verksemd, budsjettering og prognosearbeid ved eitt eller fleire institutt
  • sikre god dialog med institutta ved fakultetet
  • utarbeide strategisk informasjon til leiinga
  • utarbeide analysar som grunnlag for avgjerder
  • bidra til nytenking og vidareutvikling i organisasjonen på seksjonen sitt fagområde
  • gi støtte til økonomisjef

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå (men ein fordel med mastergrad) med hovudvekt på økonomiske fag. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring frå tilsvarande arbeid. Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren kan vere ein fordel.
  • gode analytiske evner
  • gode kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar (god Excel-kunnskap og generelt god systemforståing)

Det vil bli lagt vekt på om søkaren er godt personleg skikka for stillinga.

Særskilt kompetent søkar vil bli tilsett som seniorrådgivar med ei meir sjølvstendig utføring av oppgåver knytt til vurderingar, analysar, konklusjonar og ha ansvaret for meir komplekse oppgåver og utgreiingar.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter søkarar som

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er analytiske, strukturerte og kan formidle økonomiske problemstillingar
  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske

Vi tilbyr

  • lønn som rådgivar (SKO 1434) kr 563 700 til kr 627 700 per år eller som seniorrådgivar (SKO 1364) kr 605 500 til kr 667 200 per år. Lønn blir fastsett ut frå kompetanse for stilling som rådgivar eller seniorrådgivar
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål

Søknad må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Søknadsfrist: 24. mai 2020

Andre opplysningar

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS