Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingsrådgjevar (vikariat) - Institutt for arkeologi, konservering og historie

Søknadsfrist: 01.08.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) er satt saman av tre fag som på kvar sin måte granskar fortida. Instituttet har eit internasjonalt orientert miljø i arkeologi, den einaste konserveringutdanninga i landet og det største historikarmiljøet i Norden. Instituttet har i underkant av 100 tilsette, inklusive stipendiatar og postdoc. Undervisninga omfattar arkeologi frå steinalderen til mellomalderen, gjenstands- og malerikonservering, og historie frå antikken til vår tid.

Om stillinga

Eit vikariat som forskingsrådgjevar (rådgjevar SKO 1434) er ledig ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH). Vi søkjer ein person som kan vere med å utvikle det forskingsadministrative arbeidet innan prosjektsøknadsarbeid (NFR, ERC m.fl.) og oppfølging av eksternfinansierte prosjekt.

Stillinga inngår i eit team som arbeider med utvikling og oppfølging av prosjekt ved instituttet og i Det humanistiske fakultetet sitt forskingsadministrative nettverk (FANE).

Vikariatet er for 12 månader, med muligheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

  • Identifisere og informere om eksterne finansieringskjelder.
  • Hjelpe prosjektleiarar med utforming av søknadar og budsjett i samarbeid med prosjektøkonom.
  • Koordinering og oppfølging av prosjekt, kontraktsinngåing og rapportering i samarbeid med prosjektleiar og prosjektøkonom.
  • Halde instituttleiinga fortløpande orientert om utlysingar, søknader og aktive prosjekt.
  • Diverse forskingsformidling i samarbeid med instituttets formidlingsteam.
  • Generelt forskingsadministrativt arbeid.

Stillinga krev ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengd, og arbeidsoppgåvene vil variere ut frå korleis dei blir fordelt i teamet. Ved høve kan andre oppgåver bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning minimum tilsvarande bachelornivå, men det er ein fordel med mastergrad. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Gode IT-kunnskapar.
  • Relevant erfaring frå tilsvarande arbeide innanfor universitets- og høgskulesektoren er ein fordel.
  • Personleg dugleik og motivasjon for stillinga.

Vi ser etter søkarar som:

  • tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • kan handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk arbeidsmiljø
  • kan vise engasjement og initiativ
  • kan forstå og sette opp enkle budsjett
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 526 000 til kr 630 500 per år, avhengig av kompetanse
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, klikk “Søk stillinga”.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen:

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS