Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Administrativ koordinator til nytt senter for miljøhumaniora
Søknadsfrist: 04.06.2024
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS) er eitt av sju institutt ved Det humanistiske fakultetet. Instituttet har brei kompetanse innanfor studiet av religion og kultur og innanfor språkbaserte områdestudium med særleg vekt på Sør-Asia, Aust-Asia, Midtausten og Nord-Afrika. Instituttet har fleire studieprogram, både på bachelor- og masternivå. Av dei 110 tilsette på instituttet er 40 ph.d- og post.doc.stipendiatar.
Institutt for kulturstudium og orientalske språk
Om stillinga
Oslo Miljøhumaniora (OCEH), ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk er eit nystarta senter for ei av instituttets pågåande satsingar på miljøhumaniora som forskings- og utdanningsfelt. Kritisk refleksjon og handling må skje samtidig om vi skal finne løysningar på utfordringane vi står ovanfor, og OCEH vil fungere som ei samarbeidsplattform for tverrfagleg miljøforsking leia av humanistar. Om du vil vere med å utvikle senteret har vi no ei ledig stilling som administrativ koordinator (rådgivar SKO 1434) frå 15. august 2024. Senteret har finansiering frå Det humanistiske fakultet fram til 31.12.2028.
Vi ser etter ein sjølvstendig, fleksibel og initiativrik person som kan vere med å bygge opp, forme og drifte OCEH i årene framover. Som administrativ koordinator vil du samarbeide tett med senterets leiar, forskargrupper og partnarar, og du vil også bli ein viktig del av instituttets øvrige administrasjon.
Vi søker deg som har relevant erfaring frå administrasjons- og kommunikasjonsarbeid og interesse for formidling av forskingsarbeid og senteraktivitetar. Det er ein stor fordel om du har teft for nettverksbygging og administrative oppgåver generelt, og ønsker å være med å forme egen arbeidskvardag.
Arbeidsoppggåver
ansvarleg for den daglege drifta av OCEH og OCEHLab (senterets humanistiske forskingslab)
organisering av faglege aktivitetar (workshop, seminar, gjesteforskeropphald)
identifisering og utvikling av samarbeidsrelasjonar på og utanfor UiO (nettverksbygging)
kommunikasjonsarbeid, særleg formidling og synleggjering av senter aktivitetar i relevante kanalar
gje støtte til tilknytte forskargruppers arbeid i perioden
planlegge og utvikle senterets arbeid saman med leiar
budsjettoppfølging
inngå i senterets leiargruppe
Det kan òg bli lagt andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
utdanning minimum tilsvarande bachelornivå (men ein fordel med mastergrad). Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
relevant erfaring frå kommunikasjonsarbeid, gjerne i tilknyting til kunnskaps- eller forskingsinstitusjonar
relevant administrativ erfaring og kjennskap til administrative system og retningslinjer
særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
gode ferdigheiter i digitale verktøy og erfaring frå nettpublisering
vi legg stor vekt på at du er motivert og personleg skikka for stillinga
Det er òg ein stor fordel med kjennskap til og erfaring frå liknande arbeid i universitets og høgskolesektoren
Vi ser etter søkarar som
er sjølvstendige, jobbar systematisk og har god organisasjonsforståing
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
er nytenkende og evner å se muligheter innafor organisasjonens rammeverk
trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
har evne til å arbeide målretta og strukturert
tar initiativ og bidrar positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
lønn frå kr 565 900 til kr 667 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som rådgivar
Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.
Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskrifta dine.
Andre opplysningar
Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.