Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

1-2 postdoktorstipendiatar i fleirspråklegheit - Senter for fleirspråklegheit (MultiLing)

Søknadsfrist: 15.01.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og er i ferd med å bygge opp eit sosiokognitivt laboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.

Om stillinga

1-2 postdoktorstipendiatar (SKO 1352), finansierte av Noregs forskingsråd, er tilgjengelege hos Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (Universitetet i Oslo) med oppstart i april 2021.

MultiLing er eit Senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Noregs forskingsråd. Senteret opna 1. juni 2013. MultiLing har vore gjennom ei vellukka midtvegsevaluering, og har med det sikra finansiering for ei ny femårsperiode, til 2023. MultiLing har som mål å auke kunnskapen om fleirspråklegheit i eit livslaupsperspektiv, knytt til tre overordna tema: Fleirspråkleg kompetanse, fleirspråkleg praksis, og fleirspråklegheit, ideologiar og språkpolitikk (for meir informasjon, sjå her. Forskingsstrategiplanen for den andre femårsperioden til MultiLing (2018-2023) er tilgjengeleg her.

MultiLing ønskjer å rekruttere postdoktorkandidatar med framifrå forskarkvalifikasjonar som vil samarbeide med forskarar på MultiLing om forsking som er skildra i Forskingsstrategiplanen for den andre femårsperioden til MultiLing. Prosjekt som samsvarer med visjonen til MultiLing vil bli prioriterte: «Å bidra med kunnskap om moglegheiter og utfordringar ved fleirspråklegheit slik at samfunnet effektivt kan forvalte språkleg mangfald og at individ får utvida sitt kommunikative handlingsrom.»

Dei utlyste stillingane er vigde til studium av fleirspråklegheit innan eit av desse områda:

  • Minoriserte språk og utdanning
  • Fleirspråklegheit, kjensler og/eller livskvalitet

Utdanning skal her forståast i brei forstand; det gjeld ikkje berre formell men også uformell språklæring og utvikling. Det blir oppmuntra til prosjekt som byggjer på eitt eller fleire av desse temaa: Globalisering og nord-sør perspektiv (MRSP 3.2), demokrati og statsborgarskap, kroppsleggjering/kjensler (1.1, 2.1, 3.1), digital kommunikasjon (2.4), fleirspråklegheit i det offentlege (2.2, 3.3) og/eller språklege landskap (3.3).

Det er forventa at søkjaren presenterer eit framlegg til eit uavhengig forskingsprosjekt. Kandidaten må vise korleis det føreslåtte prosjektet passar inn i forskingsstrategiplanen til MultiLing (2018-2023).

Meir om stillinga

Det er forventa at den som blir tilsett styrkar dei relevante forskingsområda nemnt over, bidreg til og deltek på ulike seminar, konferansar og aktivitetar som MultiLing organiserer, og blir ein aktiv medlem av MultiLing-teamet i Oslo.

Tilsettinga gjeld for ein periode på to år, med oppstart 1. april 2021. Postdoktorstillingar har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i vitskapelege toppstillingar i det relevante forskingsområdet.

Kvalifikasjonskrav

Ved vurdering av søknadane vil det leggast vekt på kvaliteten til prosjektskildringa og relevansen i høve til Forskingsstrategiplanen for den andre femårsperioden til MultiLing. Vi søkjer sterkt motiverte, kompetente og internasjonalt orienterte kandidatar med høge akademiske kvalifikasjonar innan det relevante forskingsområdet.

Krav:

  • Kandidatane bør ha ein doktorgrad eller tilsvarande innan lingvistikk, skandinaviske språk, andrespråkstileigning, retorikk og kommunikasjon, psykologi, lingvistisk antropologi eller ein annan relevant disiplin som er relatert til MultiLing sitt arbeid
  • Doktoravhandlinga må ha vore levert inn til vurdering før søknadsfristen
  • Erfaring i arbeid med tospråklegheit eller fleirspråklegheit
  • Framifrå skriftleg og munnleg kompetanse i engelsk

For søkarar som ikkje har disputert er det eit krav at doktorgradsarbeidet er levert til vurdering før søknadsfristens utløp. Det er eit krav for tiltreding i postdoktorstillinga at disputasen er godkjent.

I evalueringa av søknadane vil følgande bli vektlagt:

  • Den vitskaplege verdien til prosjektet, relevansen i høve til forsking og innovasjon, og relevansen i høve til Forskingsstrategiplanen til MultiLing
  • Søkjaren si internasjonale erfaring og nettverk
  • Søkjaren sine akademiske og personlige kvalifikasjoner for å fullføre prosjektet på normert tid
  • Gode evner til samarbeid og til å gå inn i faglege fellesskap på tvers av disiplinar
  • Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga

Gode kunnskapar i eit skandinavisk språk er ein stor fordel men ikkje eit krav.

Vi tilbyr

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev som skildrar søkjaren sine kvalifikasjonar og motivasjon for stillinga
  • Curriculum Vitae (ei fullstendig liste over utdanning, tilsettingar, undervisningserfaring, administrativ erfaring og andre kvalifiserande aktivitetar, og ei fullstendig liste over publikasjonar)
  • Prosjektskildring som inkluderer ein detaljert framstegsplan for prosjektet (3-5 sider, sjå Mal for prosjektskildring)

Ver venleg å merke at alle dokument må vere på norsk eller engelsk.

Publikasjonar, masteroppgåver eller doktoravhandlingar og liknande skal ikkje leverast med søknaden, men søkjarar kan bli spurde om å levere denne type informasjon eller arbeid på eit seinare tidspunkt.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju på Universitetet i Oslo, eller digitalt via Skype/Zoom.

Andre opplysningar

Vi viser til forskrift om tilsettingsvilkår, samt retningslinjer for søknadsprosess og tilsetting i postdoktorstillingar.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli ffentleggjorte sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS